FolkOrg har mottatt midlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet, via Norsk Musikkråd. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen.

Denne søknaden gjeld berre for deltaking på Landskappleiken. 

Vidareføring av ordninga frå 2024
Det er særs gledeleg at FolkOrg også i år har fått midlar gjennom Norsk Musikkråd og Frifond Organisasjon - ekstraordinære midler. Dette gjer det mogeleg å vidareføre ordninga som fyrst vart innført i 2024.

Målsetting
Målet med ordninga er å senke terskelen for deltaking på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for juniorar og C-klassingar. 

Vilkår

  • Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag. Juniorar som er direktemedlem i FolkOrg og har delteke på Landskappleiken, har dessverre ikkje moglegheit til å søkje om å få kompensasjon for deltakaravgift og dekke reise/overnattingsutgifter.
  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi påmelding per C-klassing. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke reiseutgifter. 
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per C-klassing for å dekke deltakaravgift og bidra til å dekke reiseutgifter. 
  • Har deltakaren bustadsadresse i Trøndelag eller nordover, kan laget få dekt opp til 2000 kr per deltakande C-klassing. 

Lokallaget si rolle
Eitt av premissa som kjem med denne ekstrabevillinga frå regjeringa, er at stønadsordninga skal komme lokallaga til gode i form av å senke terskelen for deltaking på kulturelle aktivitetar. Difor er det lokallaga som må søke om midlane. Det er likevel ikkje eit krav om at påmeldinga må gå gjennom lokallaget, men midlane som FolkOrg betalar ut, må vidareformidlast til enkeltpersonen via lokallaget.


Lokallaga kan søke stønad for så mange juniorar dei ønsker. For juniorar som deltek fleire gonger på same arrangement, får lokallaget kun refusjon for den første påmeldinga. Eit lokallag kan få kompensasjon for den same junioren på både Landskappleiken og Landsfestivalen. 

Søknadsfristen er 15. september.

Lurar du på noko i samband med søknaden? Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.

Foto: Runhild Heggem

SEND INN SØKNAD I SKJEMAET UNDER