FOLKORG SITT INNSPEL:
Ein levande kulturarv er viktig i samfunnsberedskapen!
Innspel under temaet Kulturarv og kriser
Immateriell kulturarv handlar om folk. Det handler om kunnskap vi sit med, historier, møter og røter. Folkemusikk og folkedans er ein immateriell arv som er forankra i munnleg overføring, uformelle møtestader og fellesskap, og er ein tett samvevnad mellom tonar og tonekjensle, språk og dialekt, sosiale band og aldersgrupper, og lokal forankring.
Eit særmerke ved folkemusikken er at den på same tid representerer det mest nasjonalt særeigne og det mellomnasjonalt svært attkjennelege og kontaktskapande. Slik blir desse kulturuttrykka – ikkje minst av utøvarane sjølve – opplevd som noko felles på tvers av landegrenser, sjølv med sine store variasjonar.
Å legge til rette for møtepunkt for utøvarar og kunstnarar er viktige, kanskje viktigare enn nokon gong. Og på grunn av tradisjonsmusikkens attkjennelegheit, så er nettopp denne musikken i særstilling i brubyggjande og samlande kunstnarmøter. Ein aktør som har lang erfaring med dette er Førdefestivalen, og direktør Sølvi Lien skildrar arbeidet til Førdefestivalen som eit kulturelt diplomati. Ho seier:
Vi viser fram slektskap og fellesskap i musikken på tvers av kulturar. Slike møter er viktige for samhald, utvikling og nye moglegheiter for artistane, for nettverk og utveksling mellom arrangørar, og for auka kunnskap, respekt og toleranse for andre kulturar og uttrykk hos publikum.
FolkOrg meiner at internasjonale kulturmøte er viktigare enn nokon gong, og kunne ønske oss fleire støtteordningar for slike prosjekt. Slik det er no har kvart land sine støtteordningar for sine artistar og institusjonar, og så er Kreativt Europa og tilsvarande store ordningar neste steg. Å søke om eit EU-prosjekt er svært omfattande, med behov for å bruke mykje personalressursar for å handtere søknad og rapport, og berre 10 % av søknadene vert innvilga. Fleire enklare og mindre byråkratiske støtteordningar for arbeid med internasjonale artistmøter hadde vore til hjelp for å få fram fleire kulturmøter. Slike produksjonar involverer også alltid fleire enn sjølve artistane, og kjem ofte i stand som eit samarbeid mellom arrangørar i dei ulike landa. Dette kan skape nye nettverk også på institusjonelt nivå.
Når det kjem til folkemusikk, folkedansen og den immaterielle kulturarven generelt, så er ei generell utfordring i dei fleste land at det er manglande institusjonell forankring og låg offentleg synlegheit. I artikkel 27 i FNs verdenserklæring om menneskerettigheitene står det at alle har rett til å delta og oppleve kunst og kultur. Og som vi ser i Ukraina, i kriser kjem vi nærare ei forståing av kvifor det må vere slik og kor vesentleg kulturuttrykka er, både i grunnmuren i samfunnet vårt og i oss sjølve.
Vi kan t.d. lese i den nye utgjevinga Art Against Artillery at noko av det Russland heilt strategisk har arbeidd med er å fjerne og slette så mange spor dei kan av den Ukrainske kulturarven, t.d. ved å brenne og fjerne arkiva. Dei vil slette den nasjonale identiteten, og kulturarven er ein særs viktig del av denne. Men det har vist seg er at kulturuttrykka har ei enorm overlevingskraft. Folket har aldri vore sin kulturarv meir bevisst enn no. Musikken og dansen står fram med sin iboande kraft som fellesnemnar - både for unge og gamle. Og, når krigen ein gong er over, vil kulturen vere viktige – og heilt naturlege faktorar i brubygging og gjenreising.
Arkiv og andre institusjonar som har det store ansvaret med sikre at kommande generasjonar også skal få moglegheit til å oppleve det som har skjedd og det som skjer i dagens samtid, må ha dei naudsynte verktya og ressursane for å ha gode, trygge og sikre system.
FolkOrg meiner at ei viktig brikke i samfunns-beredskapen er å ha ein levande kulturarv. Ein levande folkemusikk kan ikkje oppretthaldast ved å plassere han i arkiv eller museum for at folk skal sjå han der. Den må praktiserast – den må levast og følast. Utøvinga må få utvikle seg ilag med samtida, både i uformelle som i formelle fellesskap. Ein må legge til rette for kunnskap om - og erfaring med - den tradisjonelle musikken og dansen, særleg i barneåra, t.d. i grunnskulen. Det må vere gode vilkår for å skipe arenaer og møtestader for bruk og opplevingar for folk i alle aldrar. For å bistå myndigheitene i dette arbeidet trengs eit minimum av organisering både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Til siste poeng ynskjer vi å kome med ei heilt spesifikk anbefaling og oppfordring: European Folk Network (EFN) er ein viktig instans i Europa for å samle kreftene innan folkemusikk. Dette er ein organisasjon i byggingsfasen, og ser naturleg nok til European Jazz Network for både struktur- og finansierings-måtar. Eit slikt pan-europeisk nettverk for organisasjonar innan folkemusikken skal samle og byggje på likskapane og ulikskapane. Bygge opp kvarandre. European Folk Network har arbeidd hardt over fleire år for å skaffe finansiering, m.a. EU-midlar, utan å ha lukkast så langt. Det er ei oppfordring frå oss om å nemne og støtte opp om European Folk Network under Mondiacult – i dei samanheng det er naturleg å gjere det. Sjå meir her.
---
Å ta vare på og forvalte kulturarven på ein god måte er å legge til rette for at han er levande og nært i samfunna våre – det handlar om å sikre vilkåra for at det kan brukast og utviklast. Å lage gode vilkår for ein levande kulturarv er å byggje opp eit samfunn sin grunnberedskap. La folkemusikken få vilkår til å leve godt i samfunnet, og slik vil den vere med og ha ei naturleg rolle som buffer og brubyggjar, og slik at han i eventuelle vanskelege tider kan få virke som den samlande, tryggande og trøystande faktoren den har potensiale til å vere.
Vi takkar for moglegheita til å få kome med innspel, og lykke til på konferansen.
Beste helsing
Aslak Brimi
Dagleg leiar i FolkOrg