Medlemslag i FolkOrg søkje om tilskot for å gje fleire barn og unge (6-19 år) høve til å delta i instrumentbasert musikkaktivitet frå 1. januar 2026 til 15. desember 2026. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, og er tildelt av Kultur- og likestillingsdepartementet via Norsk Musikkråd.
Kva kan du søkje om?
Midlane kan brukast til mellom anna rekrutteringsaktivitetar, reduksjon av kontingentar og eigendelar, gjennomføring av konsertar, kurs, seminar, konkurransar, nødvendig utstyr (1) eller samarbeidsprosjekt (2). Drift, ordinær aktivitet og jubileumsturer/utenlandsreiser er ikkje prioritert i denne tilskotsordninga.
- Nødvendig utstyr: Innkjøp av nye korps- og orkesterinstrument som kan dekkjast av Instrumentfondene blir ikkje prioriterte i denne ordninga. Dvs. juniorlag med eiga organisasjonsnummer kan ikkje søkje om nødvendig utstyr i denne ordninga. Eit “moderlag” som har juniorspelmannslag, juniortoradergruppe, el.l som ein del av si “drift” vil kunne søke om innkjøp av instrument.
- Samarbeidsprosjekt: Med samarbeidsprosjekt siktar ein til tiltak for å nå breitt ut i lokalsamfunnet, slik som samarbeid med kulturskulen, musikk- og kulturråd, skular i nærområdet og andre foreiningar som jobbar med å gi fleire barn eit fritidstilbod.
Målet er å få fleire barn og unge med, auka deltaking og utvikle musikkaktivitetar, og dessutan skaffe kunnskap om kva som fungerer for å rekruttera breiare.
I nettartikkelen til tilskotsordninga, har Norsk Musikkråd laga ein idébank til kva prosjekt som passar ordninga. Les meir om ordninga og sjå gode forslag i idébanken her (lenkje).
Kven kan søkje?
Ordninga er reservert for lag som planlegg instrumentbasert musikkaktivitet der barn og unge deltek (6-19 år), slik som korps, orkester, spelemannslag, storband, trekkspel- og toraderorkester. Merk at det ikkje er mogeleg å søkje om tilskot til vokal- eller danseaktivitet.
Det er sett av totalt 10 395 000 kr kroner til ordninga og tilskotet skal bidra til å:
- gje fleire barn og unge mogelegheit til å delta i musikkaktiviteter i instrumentalbaserte lag
- auke deltaking i eksisterande aktivitet
- utvikle nye tiltak basert på lokale behov
- utvikle kunnskap om kva tiltak som virker for å rekruttere betre
Tilskotet blir fordelt i samarbeid med fylkesmusikkråda og musikkorganisasjonane til Norsk Musikkråd. Innvilga tilskot blir utbetalte i byrjinga av januar 2026.
Minimum søknadssum er sett til 10 000 kr og maksimum søknadssum er sett til 100 000 kr. Gjennomføringsperioda for tiltak er 1. januar – 15. desember 2026.
Det er ikkje krav om ein lang søknad eller rapport, men det er nødvendig med noko informasjon om korleis midlane skal brukast. Dette blir gjort ved å fylle ut eit enkelt søknadsskjema.
Her kan du søke: Støtteordninger - Norsk Musikkråd (lenkje).
Merk at søknadsfristen er 3. november kl. 17.00. Søknader blir fortløpande behandla etter frist.
Spørsmål til søknaden og tilskotsordninga? Kontakt Norsk Musikkråd på e-post tilskudd@musikk.no
Foto: Runhild Heggem
PRESISERING FRÅ FOLKORG: Det er viktig å få presisert at sjølv om tilskotsordninga heiter “Rekruttering og deltakelse - korps og orkester” så kan altså ALLE instrumentale ensembler søke, herunder juniorspelmannslag, juniortrekkspelorkester, junior toradergrupper osv. Jo fleire lag som søker jo betre viser vi at det er mange lag rundt om i landet som driv stort med rekruttering.