Høyringsinnspel januar 2025: Forslag til endringar i meirverdiavgiftkompensasjon for friviljuge organisasjonar

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans takkar for det grundig høyringsnotatet og moglegheita til å kome med innspel. 

FolkOrg er medlem av Frivillighet Norge, Kulturalliansen og Norsk musikkråd, og viser til deira utdjupande innspel. 

FolkOrg har to punkt vi ynskjer å utheve. 

Innan det friviljuge musikklivet har vi ein lang tradisjon for samarbeid mellom frivillige og profesjonelle aktørar. Om ei endring i momskompensasjonsordninga skulle få den effekten at dette blir meir komplisert vil dette ramme mykje av aktiviteten vi har i dag. Vi stør opp om Norsk jazzforum og :Klassisk sine innspel og grunngjevingar angåande ordlyden i § 3 tredje ledd bokstav f. Vi meiner at denne bør justerast slik at det blir gjort tydeleg at frivillige kulturorganisasjonar, som samarbeider med profesjonelle aktørar, ikkje blir rekna for å komma «næringsinteresser til gode» så lenge deira hovudformål er frivillig aktivitet og samfunnsnytte. Det må ikkje kome til hinder for ein momskompensasjon at ein aktør er nyttig for næringa, all den tid det er eit frivillig drive og organisert kulturtilbod.

Når det gjeld forenklingstiltak (del 8), 8.2.2. Utbetaling av kompensasjon, så er det foreslått at Lotteri- og stiftelsestilsynet kan stå for utbetalinga til underledd. Vi som sentralledd veit av erfaring at det er eit arbeid med ajourhald og kontakt med lokallaga også i samband med utbetaling – noko som er ein del av vår dialog og positive relasjon til våre medlemslag. Vi skjønar at dette ikkje er noko viktig argumentasjon MOT forslaget, men det er likevel verdt å få fram. Det er også viktig å få sagt at FolkOrg er som mange andre veldig glade for at det dei siste åra har vore full momskompensasjon, og ikkje minst at det er mogleg å kunne søke om administrasjonsbidrag på 1%. Vi opplever eit stort ansvar og stor arbeidsbyrde knytt til alle lokallaga sine søknader, og det er viktig at sentraledd framleis har moglegeheit til å få kompensert for dette.

For utdjupande argument viser vi til innspela frå Frivillighet Norge, Kulturalliansen og Norsk musikkråd.

 

Med venleg helsing

Aslak Brimi 

Dagleg leiar i FolkOrg