Høyringsinnspel til forskrift om Regionale kulturfond

 

FolkOrg takkar for moglegheita til å kome med kommentarar og innspel til forskrift for Regionale kulturfond. Vi har nokre generelle kommentarar, og vil også svara på dei konkrete spørsmåla som blir stilte i høyringsnotatet. Samstundes vil vi vise til innspela til Arrangørforum og frå Kulturalliansen, som vi også støttar. 

Generelt om forskrifta

Vi opplever at denne forskrifta har veldig mykje bra i seg. Det er eit gjennomarbeidd og eit veldig godt forslag. Den tek kulturfriviljugheita på alvor, og tek opp tråden frå strategien for kulturfrivillighet, «Rom for deltakelse». 

FolkOrg og Arrangørforum var dei som fyrst foreslo ei ordning med Regionale kulturfond, og av det viktigaste grunnlaget for forslaget var eit ynskje om ei ordning som opna for tilskot som fremjer eit mangfaldig kulturliv, og som også kan gje tilskot til prosjekt der det er fruktbare samarbeid mellom det friviljuge og profesjonelle. Dette opplever vi at blir teke godt omsyn til i høyringsnotatets gode innleiande gjennomgang.

Forslaget beskriv ei veldig open ordning, som gir mange moglegheiter for tilpassingar i kvar enkelt fylkeskommune. Det er naturleg at regionale tilskotsordningar skal nyta godt av regionale vurderingar og regional kompetanse når midlane skal disponerast og forvaltast. Men då er det også viktig at prosessen blir sikra, slik at tilstrekkeleg kompetanse og mange nok ulike stemmer får bidra reelt til avgjerdene. Og at kriteria ikkje er for vide.

Vi meiner at det er særs viktig at det vert lagt opp til ein systematisk medverknad frå kulturfrivilligheita. Dette må vere eit nedfelt krav i forskrifta. 

Formål

Utkastet til forskrift § 1, «Formål», går som følger: «Tilskuddsordningen Regionale kulturfond skal bidra til gode lokalsamfunn og et åpent, inkluderende og mangfoldig kulturliv i hele landet. Tilskuddsmidlene skal stimulere til økt aktivitet og deltakelse i kulturlivet, styrke samspill mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivillighet og bidra til økt kvalitet på kunst- og kulturtilbudet lokalt og regionalt.»

Vi stør opp om denne formuleringa av formålet. Denne formuleringa står godt ilag med det som har vore intensjonen for ordninga. Den knyt saman gode lokalsamfunn og deltaking i kulturlivet, noko vi opplever som viktig og er sterkt forankra hjå våre medlemmer. Ein god heilskapleg tanke om kulturen og kulturens behov og forutsetnader er viktig for ein kommune å ha for å lukkast med gode lokalsamfunn. Auka kvalitet avheng av at kommunen legg til rette for den kulturelle grunnmuren, gjev plass for kultur i alle samanhengar og set pris på dei opplevingane og innsiktene kulturfeltet gir oss. Fylkeskommunen må på si side ha god innsikt i utfordringane i kommunane, og ha ein strategi om kva verkemiddel som kan styrke kommunane sin eigen innsats.

Vi støtter opp om Arrangørforum sitt forslag til endring i formål. 

Tilskot til bygg og lokaler

I høyringsskrivet står det: Departementet har vurdert om ordningen også skal avgrenses mot investeringer og kostnader knyttet til bygg og lokaler for kulturutøvelse. Det er gitt innspill til kulturfrivillighetsstrategien om at det er et stort behov for flere egnede lokaler. Forslaget innebærer derfor ingen direkte avgrensning mot å gi tilskudd til bygg.

Dette er FolkOrg ikkje einig i. Vi meiner dette ikkje var ein del av hensikta og formålet med å opprette denne ordninga. 

Det er sant at ei stor utfordring i kulturfrivilligheita er mindre gode lokale. Likevel meiner vi at regionale kulturfond ikkje bør ha ansvar for dette. Dette ville mellom anna føre til krav til ein heilt anna type kompetanse i forvaltinga. Tilpassa, tilgjengelege og eigna lokale er eit eige fagfelt, og har  allereie gode eigne tilskotsordningar. I tilskot til bygg er på heilt andre tilskotsnivå, og vil dimed mariginalisere moglegheita for meir aktivitet i lokalsamfunna. 

Vi meiner at tilskot til bygg aldri har vore intensjonen med opprettinga av regionale kulturfond, og vi meiner at dette må leggast inn i lista over avgrensingar i ordninga.

Tilskot til drift

Det er viktig å fasthalde og presisere at midlande gjennom Regionale kulturfond IKKJE skal erstatte allereie eksisterande ordningar. Per i dag har fylkeskommunane og somme landsdekkjande ordningar som gjev tilskot til drift i lokale lag og organisasjonar. Vi meiner at det ikkje er ei oppgåve for Regionale kulturfond å tildele driftsmidlar. Dette vil vere med å fri fylkeskommunane for det ansvaret dei har for å leggje til rette for eit godt og aktivt lokalt kulturliv. 

FolkOrg ilag med Arrangørforum har vore oppteke av at regionale kulturfond fyrst og fremst skal styrke dei aktivitetane som er krevjande å få finansiert, nettopp fordi eigenarten deira tvingar dei til å søkja finansiering reserverte for det profesjonelle ELLER det frivillige. Regionale kulturfond er ikkje ei løysing som skulle vere ei ny ordning som samlar eksisterande tiltak, men det skal fylle ut det tomrommet som har eksistert. 

Oppsummert: Vi meiner altså at i §4 Tildelingskriterier må det under «Det kan ikke gis tilskudd til» leggast til «ordinære driftstilskudd». 

På vegne av FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans 

Aslak Brimi 

Dagleg leiar