Styreleiar si tale under opninga av Landskappleiken i Eidfjord 2025

Kjære statsråd, ordførar, kappleiksgeneral, kappleiksfolk, publikum, frivillige, utøvarar, dommarar – og hardingar!

Kjære alle saman! Det er ei stor glede for meg som styreleiar i FolkOrg å ønskje dykk velkomen til Landskappleiken 2025, her i denne vakre bygda mange av oss har ønskt oss tilbake til i 21 år. Me er samla i ei bygd i ein fjord langs nokre strender som har skrive seg inn i norsk folkemusikksoge med klingande understrengstonar og leikande rytmar. Hjartans takk til Eidfjord og Hardanger for at me fekk komma til dykk att! Landskappleiken samlar i år som tidlegare heile folkemusikk-Noreg – frå dei yngste juniorane til dei eldste tradisjonsberarane. Rundt 800 deltakarar frå over 150 lag har meldt seg på. Det seier noko om styrken og breidda i folkemusikk-Noreg – og om kor mykje dette arrangementet har å seia for så mange.

Her tevlar me – men kappleiken er meir enn ei tevling. Det er eit årleg høgdepunkt for feiring av fellesskap, tradisjonar – og ikkje minst: forventningar om korleis dette kan berast inn i framtida. Me treng slike møtestader som dette – der folk møter folk på tvers av generasjonar i folkemusikken, og der røter og rytme går hand i hand. Eg vil nytte høvet til å takke arrangørane – Hardanger Spelemannslag, dei friviljuge, samarbeidspartnarane og heile det lokale laget bak. Utan dykk, ingen kappleik. De er med på å gjera det mogleg for gamle former å leve vidare – og for nye former å få vekse fram. Eg vil òg nytte høvet til å rette ei varm takk til staten – og til Kultur- og likestillingsdepartementet – for den auka grunnløyvinga FolkOrg fekk gjennom statsbudsjettet i år. Dette gir oss rom til å styrke særleg Landskappleiken, stå stødigare i arbeidet vårt og skape fleire slike arenaer der folkemusikken og folkedansen kan bløme. Eg kunne like gjerne ha gratulert staten for å yte litt meir til ein friviljug organisasjon som jo utfører noko av det som også er statens ansvar. Det er også litt av den norske modellen – samarbeidet mellom staten og dei friviljuge organisasjonane for å utføre fellesskapets ønske, i dette tilfellet ønsket om å verne den materielle OG immaterielle kulturarven gjennom bruk og kreativ skaping. FolkOrg har som mål å styrke, synleggjere og fornye folkemusikken og folkedansen. Her i Eidfjord får me til alt dette på éin gong – i fem intense, inspirerande dagar.

Så, kjære alle saman: Lat tonane fløyme, la dansen gå, og sov ikkje bort kappleiksnatta.

God kappleik!

Med dette er det ei glede å gje ordet vidare til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, som vil stå for den høgtidelege opninga av den 115. Landskappleiken i 2025.