Munnleg høyriningssinnspel i kulturkomiteen 2024
Årets statsbudsjett kom jo fyrst og fremst med ei gladsak for folkemusikken og folkedansen med FolkOrg si auke i driftsmidlar knytt til Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Dette er dei to største arrangementa på folkemusikkfeltet, og mest av alt viktige møteplasser for alle som elskar og driv med folkemusikk og -dans - på tvers av generasjonane. Nå kan vi arbeide meir målretta og tettare opp mot desse arrangementa. Vi takker for å ha blitt hørt og forstått og tatt på alvor.
Og det er fleire positive ting med dette budsjettet meiner vi. Fyrst og fremst vil eg nemne startpotten på 75 millionar til Regionale kulturfond. Dette er eit tiltak som FolkOrg og mange andre kulturorganisasjonar har jobba for lenge
Så er det Kap. 315 - Post 70 - Momskompensasjonsordning
Det er bra og nødvendig at regjeringa legg opp til at friviljugheita skal få full momskompensasjon. Denne ordninga er ei særs viktig ordning for våre medlemmar og miljøet. Og så, sjølv om det er eit krevjande arbeid, så så håper vi at det fortsatt blir arbeidd med få til ei regelstyring av ordninga.
Og så ynskjer eg å sette litt fokus på utfordringer på arkivfeltet.
Dagens digitale verktøyene og fagsystema er på tur ut, og blir ikkje fornya. Det er krisesteming i arkivnettverket, og over fleire år nå har det blitt arbeidd for at nasjonalbiblioteket skal ta ansvar for å få til eit nytt fagsystem, noko vi meiner burde kunne stå og presiseres under kap 326; mål og strategier for 2025.
Så vil eg som i fjor trekke fram heilårsarrangørane. For det frie feltet er dei ei av livsnervene. Ei mengde sterke folkemusikkutøvere sett idag sitt preg på hele det profesjonelle musikklivet. Likevel er det svært få veletablerte helårsarrangører som kan tilby jobb til musikere og bygge publikum. Dermed er det vanskelig å bygge opp en næring i vårt sjangerfelt.
I denne samanheng er det ynskjeleg å arbeide fram fleire koordinerande og produserande folkemusikksentre, og vi skulle gjerne sett at Sørnorsk folkemusikksenter hadde kome inn på budsjettet slik Folkmusikk Nord og Midtnorsk senter for folkemusikk og dans er. I tillegg skulle vi gjerne sett at Riksscenen sitt pilotprosjekt Folknett fekk dei søkte tiltaksmidler knytt til kap 320 post 75. Med relativt små midler kunne vi med dette kome raskt i gang, og erfaringer og turnésløyfer kan så videreføres regionalt. Tanken var å Riksscenen kunne ta ansvar i starten, og om ønskeleg også videreutvikle en nasjonal koordinatorfunksjon tilsvarende Dansenett Norge på Dansens hus.
Og til slutt vil eg si at FolkOrg stør Kulturdirektoratet sin søknad om 25 friske mill til arrangørtilskotsordninga + 20 friske millionar til produksjonordninga.
Takk for meg
Aslak Brimi
Dagleg leiar i FolkOrg