- Langtidsplanen for FolkOrg - VERDIGRUNNLAG OG VISJON
- Langtidsplanen for FolkOrg - MÅL
- Langtidsplanen for FolkOrg - HANDLINGSPLAN
- Særskilte satsingar for perioden 2025-2027
Langtidsplanen for FolkOrg - VERDIGRUNNLAG OG VISJON
Verdigrunnlag
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for at folkemusikken og folkedansen i Noreg skal få ei sterkare rolle og betre vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.
FolkOrg skal leggje til rette for gode og trygge møteplassar for musikk- og dansesamvær på tvers av generasjonar og nivå. Å arbeide for at barn- og unge får møte og oppleve folkemusikk og folkedans er særskilt viktig.
Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg står for eit mangfald av ulike sjangrar og lokale variantar. Dei har fått si form gjennom langvarig bruk og utgjer fullverdig kunst i seg sjølv. Ei styrking, synleggjering og formidling av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i FolkOrg sitt arbeid, og organisasjonen skal som ei naturleg følgje av ei levande tradisjonsforståing fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag.
FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar, medlemmer, arrangørar og publikum. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.
Visjon
Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikk- og danseglede, og vil vere ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjonen, og med blikk for tradisjonens nyskapande kraft.
Langtidsplanen for FolkOrg - MÅL
Folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg skal stå sterkt.
- Det skal vere attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og folkedans.
- Det skal vere attraktivt å arrangere kappleikar, kurs, konsertar og dansefestar.
- Det skal vere attraktivt å delta på arrangement og kappleikar.
Folkemusikken og -dansen i Noreg skal vere kjent og synleg nasjonalt og internasjonalt
- Interessa for og kunnskapen om folkemusikk og folkedans skal auke.
- Omtale og bruk av folkemusikk og folkedans skal auke.
FolkOrg skal vere ein viktig ressurs på folkemusikk- og folkedansfeltet.
- Vi skal nytte og synleggjere kompetansen og erfaringa til medlemmene.
- Det skal vere attraktivt å vere medlem i FolkOrg.
- FolkOrg skal vere ein tydeleg og synleg kulturpolitisk aktør.
- FolkOrg skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar.
Langtidsplanen for FolkOrg - HANDLINGSPLAN
VI SKAL NÅ MÅLA GJENNOM:
Rådgiving/opplæring/service
Vi skal:
- drive rettleiing – i faglege spørsmål, søknader o.a.
- arrangere og informere om seminar og kurs
- drive rådgjeving for folkemusikk og folkedans i møte med, og saman med, barn og ungdom
- initiere utvikling av og informere om kompetansemateriell på feltet
- informere om søknadsfristar og aktuelle faglege oppdateringar
- informere om og vidareutvikle medlemsfordelar/avtaler
- dele ut tilskot / forvalte tilskotsordningar
- ha aktiv medlemskontakt og -dialog
- ha aktiv kontakt med lokallag, faglag, områdelag og arrangørnettverket i FolkOrg
- sørgje for eit oppdatert medlemssystem
Formidling/arrangement
Vi skal:
- legge til rette for attraktive møteplassar for medlemmer og samarbeidspartnarar:
- legge til rette for og vidareutvikle Landskappleiken
- legge til rette for og vidareutvikle Landsfestivalen i gammaldansmusikk
- arrangere og vidareutvikle Folkelarm
- arrangere og vidareutvikle INTRO-folk
- legge til rette for arrangement særskilt retta mot barn og unge
- legge til rette for og vidareutvikle Landskappleiken
- dele ut prisar
Informasjon / opplysning
Vi skal:
- drifte og utvikle tidsskriftet Folkemusikk og den tilhøyrande nettsida folkemusikk.no
- informere og opplyse om folkemusikk og folkedans
- synleggjere folkemusikken og folkedansen
- drifte og utvikle nettsida folkorg.no og andre informasjonsplattformer.
Påverknad/samarbeid
Vi skal:
- betre rammevilkåra for feltet vårt, gjennom høyringar, påverknad, samarbeid osv.
- delta aktivt i det offentlege ordskiftet
- skape og ta initiativ til nettverk/kontaktar/samarbeid
Særskilte satsingar for perioden 2025-2027
for arbeid med folkemusikk og folkedans. | |
Særskilte satsingar | For å oppnå dette skal FolkOrg… |
Legge til rette for små og store rekrutteringsprosjekt. |
|
Legge til rette for kompetanseheving og faglege møteplassar.
|
|
Stimulere til berekraftig drift og auka aktivitet gjennom rådgjeving og tilskotsordningar. |
|
Vere ein sentral aktør og bidragsytar til eit nasjonalt folkedansløft. |
|
Arrangement i regi av FolkOrg, og lag eller arrangørmedlemmer i FolkOrg, er trygge og inkluderande møteplassar på tvers av generasjonar. |
|
Arrangørar og utøvarar skal ha gode arbeidsvilkår for sitt arbeid med folkemusikk og folkedans | |
Særskilte satsingar | For å oppnå dette skal FolkOrg… |
Syte for utviklingsmoglegheiter og møteplassar for yrkesaktive tradisjonsutøvarar. |
|
Arbeide for at folkemusikk- og folkedansfeltet har gode arrangørar.
|
|
Arbeide for at norske tradisjonsutøvarar får større marknad. |
|
FolkOrg skal synleggjera Folkemusikk og folkedans gjennom samarbeid og kulturpolitisk arbeid.
| |
Særskilte satsingar | For å oppnå dette skal FolkOrg… |
Arbeide for at folkemusikk og folkedans er tilgjengeleg og i bruk. |
|
Vere pådrivar for meir eksport av norsk folkemusikk og folkedans. |
|
Arbeide for gode og stabile institusjonar, regionale strukturar og ordningar innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet. |
|
Arbeide for gode rammevilkår for yrkesaktive tradisjonsutøvarar innan folkemusikk og folkedans. |
|