Langtidsplanen for FolkOrg - VERDIGRUNNLAG OG VISJON

Verdigrunnlag

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for at folkemusikken og folkedansen i Noreg skal få ei sterkare rolle og betre vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.

FolkOrg skal leggje til rette for gode og trygge møteplassar for musikk- og dansesamvær på tvers av generasjonar og nivå. Å arbeide for at barn- og unge får møte og oppleve folkemusikk og folkedans er særskilt viktig. 

Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg står for eit mangfald av ulike sjangrar og lokale variantar. Dei har fått si form gjennom langvarig bruk og utgjer fullverdig kunst i seg sjølv. Ei styrking, synleggjering og formidling av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i FolkOrg sitt arbeid, og organisasjonen skal som ei naturleg følgje av ei levande tradisjonsforståing fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag. 

FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar, medlemmer, arrangørar og publikum. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.

Visjon

Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikk- og danseglede, og vil vere ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjonen, og med blikk for tradisjonens nyskapande kraft.

Langtidsplanen for FolkOrg - MÅL

Folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg skal stå sterkt.

  • Det skal vere attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og folkedans.
  • Det skal vere attraktivt å arrangere kappleikar, kurs, konsertar og dansefestar.
  • Det skal vere attraktivt å delta på arrangement og kappleikar.

Folkemusikken og -dansen i Noreg skal vere kjent og synleg nasjonalt og internasjonalt

  • Interessa for og kunnskapen om folkemusikk og folkedans skal auke.
  • Omtale og bruk av folkemusikk og folkedans skal auke.

FolkOrg skal vere ein viktig ressurs på folkemusikk- og folkedansfeltet.

  • Vi skal nytte og synleggjere kompetansen og erfaringa til medlemmene.
  • Det skal vere attraktivt å vere medlem i FolkOrg. 
  • FolkOrg skal vere ein tydeleg og synleg kulturpolitisk aktør. 
  • FolkOrg skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar.

Langtidsplanen for FolkOrg - HANDLINGSPLAN

VI SKAL NÅ MÅLA GJENNOM: 

Rådgiving/opplæring/service

Vi skal:

  • drive rettleiing – i faglege spørsmål, søknader o.a.
  • arrangere og informere om seminar og kurs
  • drive rådgjeving for folkemusikk og folkedans i møte med, og saman med, barn og ungdom
  • initiere utvikling av og informere om kompetansemateriell på feltet
  • informere om søknadsfristar og aktuelle faglege oppdateringar
  • informere om og vidareutvikle medlemsfordelar/avtaler
  • dele ut tilskot / forvalte tilskotsordningar
  • ha aktiv medlemskontakt og -dialog
  • ha aktiv kontakt med lokallag, faglag, områdelag og arrangørnettverket i FolkOrg
  • sørgje for eit oppdatert medlemssystem

 

Formidling/arrangement

Vi skal:

  • legge til rette for attraktive møteplassar for medlemmer og samarbeidspartnarar:
    • legge til rette for og vidareutvikle Landskappleiken
    • legge til rette for og vidareutvikle Landsfestivalen i gammaldansmusikk
    • arrangere og vidareutvikle Folkelarm
    • arrangere og vidareutvikle INTRO-folk
    • legge til rette for arrangement særskilt retta mot barn og unge
  • dele ut prisar

 

Informasjon / opplysning 

Vi skal:

  • drifte og utvikle tidsskriftet Folkemusikk og den tilhøyrande nettsida folkemusikk.no
  • informere og opplyse om folkemusikk og folkedans
  • synleggjere folkemusikken og folkedansen
  • drifte og utvikle nettsida folkorg.no og andre informasjonsplattformer. 

 

Påverknad/samarbeid

Vi skal:

  • betre rammevilkåra for feltet vårt, gjennom høyringar, påverknad, samarbeid osv.
  • delta aktivt i det offentlege ordskiftet
  • skape og ta initiativ til nettverk/kontaktar/samarbeid

 

Særskilte satsingar for perioden 2025-2027


Medlemmer og medlemslag skal ha gode arbeidsvilkår 

for arbeid med folkemusikk og folkedans.  

Særskilte satsingarFor å oppnå dette skal FolkOrg…
Legge til rette for små og store rekrutteringsprosjekt.
  • Ha dialog med Dextra Musica for å vidareføre tildelinga av rekrutteringsmidlar.
  • Dele ut rekrutteringsmidlar til større rekrutteringsprosjekt, og rådgje og vegleie både nye og etablerte rekrutteringsprosjekt. 
  • Ha oversiktlege nettsider der medlemslaga kan få god informasjon om rekrutteringsarbeid og arbeid med barn og unge.
  • Arrangere fysiske og digitale seminar der ein kan få inspirasjon og nye idéar til rekruttering i sine lokalmiljø.

Legge til rette for kompetanseheving og faglege møteplassar.

 

  • Legge til rette for samlingar og kurs som opplevast gjevande og relevante for medlemmene. 
  • Arrangere dommarkurs innan vokal, dans og spel annakvart år. 
  • Følgje opp, utvikle og arbeide for trygg og langsiktig finansiering av prosjektet FolkleiarUng.
  • Dokumentere og publisere opplegg for opplæring av unge instruktørar og kunstnarlege/faglege leiarar. 
  • Legge til rette for faglege møteplassar for instruktørar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans. 
Stimulere til berekraftig drift og auka aktivitet gjennom rådgjeving og tilskotsordningar.
  • Følgje opp medlemslag, og syte for at dei har tilgang til relevante og nyttige ressursar for organisasjonsarbeid.
  • Ha nettsider som kan vere til inspirasjon og rettleiing for drift og aktivitet i medlemslag. 
  • Dele ut FolkOrgs Aktivitetstilskot, og informere om andre tilskotsordningar som medlemslag kan søke på. 
Vere ein sentral aktør og bidragsytar til eit nasjonalt folkedansløft.
  • Arbeide for meir folkedans i barnehagar, skulen og kulturskulane. 
  • Arbeide for å auking i talet på møteplassar, arrangement og arenaer både for den sosiale og den sceniske dansen. 
  • Arbeide for ei variert praktisering av folkedansen med fokus på levande tradering på tvers av generasjonar og nivå, med særleg vekt på å styrke runddans- og bygdedanstradisjonane.
  • Arbeide for at god dansemusikk skal vere tilgjengeleg for danseopplæring og dansepraktisering. 
Arrangement i regi av FolkOrg, og lag eller arrangørmedlemmer i FolkOrg, er trygge og inkluderande møteplassar på tvers av generasjonar. 
  • Ha gjennomgåande tiltak for at arrangement i miljøet er trygge og inkluderande for alle.
  • Arbeide for at ulike arrangement har gode møteplassar og aktivitetar for barn og unge.
  • Informere medlemmer og medlemslag om FolkOrg sine etiske retningsliner og varslingsrutinar, og tilgjengelege ressursar frå Balansekunst.
  • Følgje opp og utvikle arbeidet knytt til Balansekunst. Alle tilsette og alle hovudnemnder for LK og LF skal gjennomføre kurs i regi av Balansekunst. 

 

 

Arrangørar og utøvarar skal ha gode arbeidsvilkår 

for sitt arbeid med folkemusikk og folkedans 

Særskilte satsingarFor å oppnå dette skal FolkOrg…
Syte for utviklingsmoglegheiter og møteplassar for yrkesaktive tradisjonsutøvarar.
  • Skipe til møteplassar for yrkesaktive utøvarar der erfaringsdeling og kompetanseheving står i fokus.
  • Følge opp og rådgje yrkesutøvarar, og syte for at dei har tilgang til relevante og nyttige ressursar. 
  • Arrangere mentor- og lanseringsprogrammet IntroFolk annakvart år.
  • Arbeide for å styrke Folkelarm som ein viktig møteplass og arena for kompetanseheving for yrkesaktive utøvarar, og som eit viktig møtepunkt mellom artistar og nasjonale/internasjonale bransjeaktørar. 

Arbeide for at folkemusikk- og folkedansfeltet har gode arrangørar.

 

  • Ta ei aktiv og koordinerande rolle for Nettverket for folkemusikkarrangørar. 
  • Legge til rette for møteplassar for arrangørnettverket med fokus på erfaringsdeling og kompetanseheving.
  • Arbeide for kompetanseheving på og profesjonalisering av arrangørfeltet, og syte for at arrangørmedlemmer har tilgang til relevante og nyttige ressursar.
  • Vidareutvikle Folkelarm som ein attraktiv møteplass for arrangørar og skipe til seminar og verkstader med fokus på utvikling av arrangørleddet gjennom erfaringsdeling og samarbeid. 
  • Drifte og marknadsføre arrangementskalenderen FolkArr.no, og evaluere denne nettsida i fyrste halvdel av 2026.
  • Auke arrangørkompetansen i lokallaga. 
Arbeide for at norske tradisjonsutøvarar får større marknad. 
  • Vidareutvikle Folkelarm som ein viktig og relevant arena for synleggjering av norsk folkemusikk og folkedans. 
  • Bidra til eit nytt EX.TRA-prosjekt i lag med Music Norway i løpet av perioden.
  • Legge til rette for møteplassar mellom norske artistar og internasjonale bransjeaktørar. 
  • Drifte og marknadsføre nettportalen FolkArtist.no, og evaluere denne nettsida i fyrste halvdel av 2026.
  • Arrangere Nordic Folk Alliance i samband med Folkelarm 2026 og 2027.

 

 

FolkOrg skal synleggjera Folkemusikk og folkedans

gjennom samarbeid og kulturpolitisk arbeid.

 

Særskilte satsingarFor å oppnå dette skal FolkOrg…
Arbeide for at folkemusikk og folkedans er tilgjengeleg og i bruk.
  • Stø opp om arbeidet med å få på plass eit nytt fagsystem og digitalt publiseringsverktøy for folkemusikkarkiva.
  • Støtte opp om arbeidet med å få oppdaterte læreverk innan folkemusikk og folkedans. 
  • Arbeide for enda meir folkemusikk og folkedans i barnehagar, skulen og kulturskulane.  
  • Arbeide for at folkemusikk og folkedans har ein sjølvsagt plass i NRK og andre mediehus. 
Vere pådrivar for meir eksport av norsk folkemusikk og folkedans.
  • Samarbeide med Music Norway og UD om ulike prosjekt og satsingar. 
  • Vere ein aktør i nordiske og europeiske nettverk innan folkemusikk og folkedans.
  • Følgje opp og kome med innspel til UD og Utanriks- og forsvarskomiteen, og stø opp om Music Norway.
Arbeide for gode og stabile institusjonar, regionale strukturar og ordningar innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet. 
  • Arbeide for etablering av fleire regionale folkemusikksenter og sikker finansiering av desse.
  • Stø opp om arbeid for ei landsline i folkedans på vidaregåande nivå.
  • Stø opp om arbeidet med vidareutvikling av universitet- og høgskulestudium i folkemusikk og folkedans. 
Arbeide for gode rammevilkår for yrkesaktive tradisjonsutøvarar innan folkemusikk og folkedans. 
  • Arbeide for at bruk av tradisjonsmusikk skal gje betre vederlag frå TONO, og samstundes arbeide for andre godtgjersleordningar til aktive tradisjonsutøvarar.  
  • Stø opp om NODA sitt arbeid med å styrke rettigheitshavarar innan dans og koreografi, og deira rett til rimeleg betaling for åndsverk.