- § 1 Stifting
- § 2 Føremål
- § 3 Medlemskap
- § 4 Områdelag
- § 5 Landsmøte
- §6 Utsendingar til Landsmøtet
- §7 Tilsynsnemd
- § 8 Saker på Landsmøtet
- §9 Val av tillitsfolk
- §10 Omframt Landsmøte
- §11 Om styret
- §12 Styret sine oppgåver
- §13 Dagleg leiar
- § 14 Heidersmedlemskap
- § 15 Vedtektsendringar
- §16 Oppløysing
§ 1 Stifting
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans er ein landsomfattande livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon med ope medlemskap.
§ 2 Føremål
FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.
§ 3 Medlemskap
Grunnlaget i organisasjonen er medlemmer i lokale lag, faglag, arrangørar og gruppa av yrkesutøvarar. Lokale lag er geografisk knytte til eit område. Faglag, og gruppa for yrkesutøvarar har aktivitet på tvers av geografiske område.
Alle medlemmer, lokale lag og faglag som er tilslutta organisasjonen, er medlemmer i organisasjonen og eventuelt områdelag i sitt distrikt. Faglag kan ha personlege medlemmer som ikkje er medlemmer av FolkOrg, men talet på utsendingar til landsmøtet vert rekna ut frå talet på medlemmer i faglaget som også er medlem i FolkOrg. Faglag kan også ha institusjonar som medlemmer, og slike faglag har eit fast tal på utsendingar til landsmøtet.
Alle lag og arrangørar som arbeider i samsvar med føremålsparagrafen, kan takast opp som medlemmer i organisasjonen.
Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans.
Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, kan melde seg direkte inn i organisasjonen.
Styret kan stryke medlemmer som arbeider mot føremålet eller på annan måte skader organisasjonen. Styrevedtak om dette kan ankast inn for landsmøtet.
§ 4 Områdelag
Lokale lag kan samarbeide distriktsvis gjennom områdelag. Alle lag tilslutta eit områdelag som er innmeldt i organisasjonen, skal vere tilslutta organisasjonen.
§ 5 Landsmøte
Landsmøtet er høgste organ i organisasjonen og skal haldast kvart andre år innan utgangen av april månad.
Styret fastset tid og stad for landsmøtet og informerer medlemmene om dette seinast seks månader før landsmøtet finn stad. Innkalling og sakspapir skal sendast ut minst tre veker før landsmøtet. Medlemmer eller lag som har saker dei vil ha fremja på landsmøtet, må sende desse til styret innan 15.januar.
§6 Utsendingar til Landsmøtet
Stemmerett på landsmøtet har:
A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for siste meldingsår innan 31. desember etter følgjande skala:
- Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending
- Lag med 30–99 medlemmer: 2 utsendingar
- Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar
- Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar
- Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar
- Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar
B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer
C) Ein utsending frå kvart områdelag
D) Ein utsending frå kvart arrangørmedlem
E) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på landsmøtet
- Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.
- Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.
- Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.
§7 Tilsynsnemd
Landsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på 3 personar som har som hovudoppgåve å sjå til at arbeidet i styret er i samsvar med dei vedtektene som ei kvar tid gjeld. Tilsynsnemnda skal rapportere avvik til styret undervegs i perioden, og til landsmøtet.
§ 8 Saker på Landsmøtet
Landsmøtet handsamar:
- årsmelding for dei to siste åra
- rekneskap for dei to siste åra
- Langtidsplan
- fastsetjing av medlemspengar
- budsjett
- oppnemning av revisor
- innkomne saker
- val av tillitsfolk
Rekneskapen følgjer kalenderåret.
§9 Val av tillitsfolk
Landsmøtet vel eit styre på sju personar
- ein styreleiar
- to nestleiarar
- fire styremedlemmer
Landsmøtet vel også:
- tre varamedlemmer til styret
- ei valnemnd på tre medlemmer og eitt varamedlem. Valnemnda konstituerer seg sjølv. Ingen kan sitja i valnemnda meir enn tre perioder.
Landsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på tre medlemmer, jmf §7.
Valperiode for alle er to år. Landsmøte bør arbeide for å få kontinuitet i styre, arbeidsutval, fagutval for yrkesutøvarar, valnemnd og tilsynsnemnd.
Når landsmøtet vel tillitsfolk, skal det velje eit mest mogleg representativt utval av medlemsmassen. Valnemnda si innstilling til nytt styre bør innehalde forslag til fast styrerepresentant som er under 26 år.
To av styremedlemmene skal tilhøyre gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal sitja i arbeidsutvalet (AU).
FolkOrg skal ha to fagutval:
- Fagutval for yrkesutøvarar er fem personar, der to er frå styret, samt tre medlemmer som peikast ut av styret. Fagutvalet konstituerer seg sjølv.
- Fagutval for arbeid med barn og unge er fem personar, der to er frå styret, samt tre medlemmer som styret peikar ut, der to av desse er under 26 år. Utvalet konstituerer seg sjølv.
§10 Omframt Landsmøte
Omframt landsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt, eller når minst ein tredel av medlemslaga krev det. Omframt landsmøte kan kallast inn med minst ein månads varsel, og berre saker som er sette opp i innkallinga, kan behandlast. Elles gjeld dei same reglane som for vanleg landsmøte.
§11 Om styret
Styreleiaren teiknar organisasjonen.
Styret kan delegere prokura.
Styreleiaren og dei to nestleiarane utgjer eit arbeidsutval. Styret vedtek instruks for arbeidsutvalet.
Styret er vedtaksført dersom minst fire medlemmer eller varamedlemmer er til stades.
Det skal førast referat frå styremøta.
Styret eller den dei delegerer fullmakta til, kan ta opp lån på vegne av organisasjonen.
Dei tilsette har rett til å ha ein representant, i tillegg til dagleg leiar, med talerett til stades i styremøte.
§12 Styret sine oppgåver
Styret skal
- drive laget i samsvar med vedtekter, føremål og landsmøtevedtak
- førebu saker til landsmøtet
- godkjenne medlemskap og vedtekter for lokallag, faglag og områdelag
- tilsetje dagleg leiar og utarbeide instruks for stillinga.
- ta endelege avgjersler i alle saker som, i følgje vedtektene, ikkje er lagde til landsmøtet
- godkjenne rekneskapen og årsrapport det året det ikkje er landsmøte.
§13 Dagleg leiar
- Dagleg leiar er sekretær for styret og arbeidsutvalet og førebur sakene i samråd med styreleiaren.
- Dagleg leiar har ansvar for å tilsette andre i administrasjonen innanfor rammer sett av styret.
§ 14 Heidersmedlemskap
Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle arrangement som FolkOrg skipar til.