FolkOrgs fagutval for arbeid med barn og unge skal vere eit organ i organisasjonen vår som har fokus på arbeid med barn og unge. Det skal vere eit utval som kjem med innspel og forslag til styret om saker som har med barn og unge i organisasjonen, og som skal kome med idear og forslag til korleis arbeide godt med rekruttering. Det skal generelt vere eit fagleg sterkt råd for styret, og som også skal vere eit kontaktpunkt for barn og unge i organisasjonen. Det skal vere mogleg å kome med idear og tankar om satsingar og endringsforslag til fagutvalet - så tek utvalet det vidare til styret i FolkOrg. Fagutval for arbeid med barn og unge skal vere med å arbeide for gode arrangement for barn og unge, t.d. FolkelarmUng, barne- og ungdomsarrangement på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og andre møtepunkt  for barn- og unge i organisasjonen og miljøet. 

Frå vedtektene i FolkOrg: 

Fagutval for arbeid med barn og unge er fem personar, der to er frå styret, samt tre medlemmer som styret peikar ut, der to av desse er under 26 år. Utvalet konstituerer seg sjølv.

Vi ynskjer gode kandidatar til å vere med i fagutvalet! Har de nokon i lokallaget som har erfaring med arbeid med barn og unge, som vil vere med som ei kompetanse for heile miljøet vårt? Har de ein ungdom som både har engasjement, kunnskap og eit ynskje om å lære litt om organisasjonsarbeid? 

Send inn forslag til oss. Du kan sende inn ein søknad sjølv, eller du kan sende inn forslag om andre (men den du sender inn forslag om må ha blitt forespurt og sagt seg interessert). Skriv gjerne eit avsnitt om bakgrunn og utgangspunktet for kvifor du/hen ynskjer å vere med i utvalet. 

Forslag sendast på e-post til Live i FolkOrg - live@folkorg.no