Gode FolkOrg-medlemar

Ein flott kappleik- og festival-sommar er over. Vi vonar mange fekk gode opplevingar og minner frå dei fine arrangementa på Oppdal og i Eidfjord. Det var stor deltaking på båe arrangamenta, og det verkar å gå bra økonomisk for dei lokale arrangørane. FolkOrg ynskjer å gratulere dei to lokale arrangørane Hardanger spelmannslag og Oppdal spel- og dansarlag for flotte og gjennomarbeidde arrangement, og takke for godt samarbeid! Nå er arbeidet med neste års arrangement godt i gang, og vi gler oss stor til å kome til Hovden og Vågå neste sommar. 

Årets valkamp har vore spennande, og resultatet vart vidareføring av ei Ap-regjering. Det blir spennande å sjå kva dette fører med seg av satsingar for både kulturfrivilligheita og for det frie feltet. Og det er eit heilt nytt storting, så vi skal få til møter med alle dei nye politikarane i Kultur- og familiekomiteen for å fortelje om FolkOrgs og våre medlemars arbeid for folkemusikken og folkedansen. Vi skal også kome med eit grundig høyringsinnspel til Kultur- og likestillingsdepartementet på NOUen “Musikklandet” som kom i juni. Denne NOUen vil vere veldig viktig i utarbeiding av kulturpolitikken i åra som kjem, og FolkOrg vil vere tydelege på kva vi meiner trengs for at folkemusikken og folkedansen skal å best mogleg tilhøve. Mellom anna etablering av eit Fond for tradisjonsutøvarar, styrking av Norsk kulturfond, og generell styrking av tilskot og arbeidsvilkåra for kulturfrivilligheita. 

FolkOrg er for oss som har kjærleik og engasjement for songen, dansen og spelet. I vår organisasjon er det med medlemar frå alle dei viktige pillarane i folkemusikkfeltet: Grasrota - Arrangørar - Utøvarar - Utdanning/Forsking - Arkiv. Vi er veldig glade for at dei to faglaga Norsk kvedarforum og Norsk munnharpeforum har meldt seg inn også. Dette er med på å styrke breidda i FolkOrg, og desse faglaga vil vere ein fagleg ressurs for organisasjonen. 

Vi ynskjer fleire abonnentar til bladet Folkemusikk! Bladet Folkemusikk er det einaste magasinet som har einefokus på folkemusikk og folkedans. Som FolkOrg-medlem er det særs rimeleg å abonnere på bladet, og vi meiner og trur at mange av våre medlemar kunne hatt stor glede av bladet. For å prøve å få fleire abonnentar gjer vi eit promo-stunt nå i september: Vi sender ut septemberutgåva av bladet Folkemusikk til ALLE vaksenmedlemar i FolkOrg (for å spare litt pengar sendar vi ut berre eitt blad til husstandar som har fleire medlemar). Vi vonar på denne måten at fleire får augo opp for bladet. Det er også verdt å merke seg at Folkemusikk er ikkje eit medlemsblad. Bladet er eigd av FolkOrg men er frittståande med uavhengig redaksjon. 

Så er det berre å ynskje alle ein riktig god musikk- og dansehaust. 

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

 

BARN OG UNGE I FOLKORG

På landsmøtet vart det vedteke at FolkOrg skal ha eit fagutval for arbeid med barn og unge. Dette skal ha møter ca fire gonger i året, og diskutere saker som gjeld barn og unge i organisasjonen vår. Det kan vere rekruttering, det kan vere møteplassar, osb. Fagutvalet skal vere rådgjevande organ for styret. Frå styret si side så er det Thomas Nilssen og Amalie Kinsarvik Tvilde som er i utvalet, og etter ein søknadsprosess er dei tre siste i utvalet bestemt å vere Ingvild Kleiveland Vevle (Osterøy), Magnhild M. Helland (Lom) og Laura G. Slørdal (Børsa). Rådgjevar i FolkOrg, Live Visdal, vil vere skrivar i utvalet. 

FOLKLEIARUNG - OG NYTT KOMPETANSEHEFTE

No er søknadsfristen ute, og vi fekk mange gode søkjarar i år også. FolkleiarUng er for folkemusikere og folkedansere mellom 15 og 25 år som ynskjer å lære meir om det å vere leiar og pedagog innan folkemusikk og folkedans, og som ynskjer å ta med erfaringene frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spel- og dansarlag. Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og danseleiar/musikalsk leiar. Mellom samlingshelgene får kvar deltakar oppfølgingsbesøk i sitt lag av ein av instruktørane. Instruktørar i prosjektet er Vegar Vårdal, Kristoffer Kleiveland, Ina Maria Cyrus og Anna Gjendem. 

Under Folkelarm i november vert det også lansering av eit kompetansehefte der erfaringane og opplegga som Kristoffer Kleiveland og Vegar Vårdal har utvikla gjennom arbeide med FolkleiarUng. Dette vert eit ressurshefte for pedagogar og musikalske leiarar. Vi vonar det kan vere eit godt bidrag til arbeidet i både kulturskular, for instruktørar, og for arbeidet for musikalske leiarar i lokallaga. 

Heile FolkleiarUng-satsinga er støtta av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB. 

FOLKELARM 2025

Vi vonar mange kjem på årets Folkelarm! Årets artistar er lansert, og seminarprogrammet vert lagt i desse dagar. Over 20 artistar er vald ut av over 160 søkjarar (!) frå heile Norden. Og hugs at Folkelarm også er ein møteplass for dykk som driv med rekruttering og som er pedagogar og instruktørar. Frå morgonen av på laurdag er det rekrutteringsseminar og samling for pedagogar. Folkelarm er ein flott møteplass for alle som er interessert i folkemusikk og folkedans og som vil oppleve musikk og dans på høgt nivå! Det er dansefest og dansespel kvar kveld, og årets gjæve prisutdeling innan folkemusikksjangeren, Folkelarmprisen, er på laurdagen. På sundag er det ein gratis barne- og familiedag: FolkelarmUng. 

Alle er velkomne, og som FolkOrg-medlem får du sjølvsagt god rabatt på billettar. 

FOLKEMUSIKKEN OG FOLKEDANSENS DAG - EUROPEAN FOLK DAY - DEN 23. SEPTEMBER

FolkOrg er medlem av Europen Folk Network, som er eit folkemusikk- og folkedansfellesskap for organisasjonar rundt om i heile Europa. Ideen bak ein felles europeisk folkemusikk- og folkedansdag er å vise kor mange menneske over heile Europa som er involvert, på ein eller annan måte, i utøving av tradisjonell musikk og dans. Vi oppmodar alle våre lag og medlemar til å legge føre inn øvingar, konsertar eller andre arrangement som skjer rundt den 23.september i dette europeiske kartet over arrangement: https://www.europeanfolkday.eu/participate/ 

UTMERKINGAR SIDAN SIST

FolkOrg ynskjer å gratulere Sindre Tronrud med Øivind Berghs minnepris. LES MEIR HER. Øivind Berghs minnepris er ein årleg pris som går til unge lovande fiolinistar eller folkemusikarar. Minneprisen er på kr 25 000,- og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt AS, etterkommarane etter Øivind Bergh og SpareBank 1 Gudbrandsdal. 

Vi ynskjer også å gratulerer Bergen Ungdomslag Ervingen med årets Gnist-pris. Gnist-prisen er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Gnist-prisen på 15 000 kr har som formål å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med Meisterkonserten i ein fullsett idrettsarena i Eidfjord. Det var Gunn Inger Sture og fleire barn frå laget som tok i mot prisen.

Sindre Tronrud spelte på Høgfjellskonserten i Rondane på Kvamsfjellet under Peer Gynt-stemnet i august. Der fekk han overrekt Øivind Berghs minnepris av Trude Bergh, etterkommar av Øivind Bergh. Ho sat også i juryen ilag med Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS). Foto: Bård Gundersen 

TILSKOTSORDNINGAR 

Vi har fått ei ny runde med ordninga Økt deltakelse i musikkorganisasjonene i 2025. Dette gjer at vi også i 2025 kan gje tilskot til lokallaga som kan støtte juniorar som vil reise og stille på LK og LF. Her er det altså lokallaga som må søke, og at dei igjen gjev støtte til den enkelte medlem. Fristen er 15. september. Søk om tilskot til LK her og LF her. 

Og snart er det utlysing av midlar frå Frifond organisasjon. Lag med 3 eller fleire betalande medlemmar under 26 år i 2024, kan søkje om driftstilskot og prosjektmidlar. Frist for denne ordninga er 15. oktober. Utlysinga ligg no ute på folkorg.no

Kompensasjon av TONO-utgifter: No kan utøvarlag (lokallag og områdelag) søkje om kompensasjon for TONO-utgifter. Søknadsfristen for kompensasjon for TONO-utgifter for fyrste halvår 2025, er 23. september. Meir info om denne ordninga finn du her

Lag i FolkOrg kan også søkje midlar frå Norsk Musikkråd si ordning Rekruttering og deltakelse - korps og orkester. Vi oppfordrar alle laga til å søke på denne ordninga! 


Midlane kan brukast til blant anna aktivitetar, egenandeler, kontigenter, naudsynt utstyr (som instrument) og samarbeidsprosjekt i lokalsamfunnet. For meir informasjon om ordninga, sjå nettartikkel på Norsk Musikkråd sine nettsider. Frist for ordninga er 3. november kl. 17.00, send inn søknad gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal her. 

Til slutt vil vi oppmode alle lag om å søkje regionale kulturfond. Ordninga kjem i tillegg til eksisterande kulturtilskot, og skal bidra til auka samarbeid, utvikling og kvalitet på tvers av profesjonelle aktører, friviligheten og unge kulturarbeidere/talenter. Sjå Norsk Musikkråd sin nettartikkel om ordninga med fylkesvis oversikt med søknadsfrister, merk at fylkene har ulike frister. I nettartikkelen er det også lenkjer til søknadsportalane til fylkene.

DIVERSE INFO

I GNIST-appen og på nettsida www.gnist.styreweb.com ser du medlemsbeviset ditt, og finn sjølvsagt medlemsnummeret ditt her. Du kan også oppdatere epostadresse osv. Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemmene våre, så fint om du kan gå gjennom og sjå at kontaktinfo er korrekt: Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte StyreWeb til å sende ut meldingar.

Det er også viktig at lokallagene legg inn styremedlemar i laget i Styreweb. På denne måten får vi i FolkOrg oversikt over kven vi skal ta kontakt med dersom det er noko, og at styremedlemmene får den riktige informasjonen og dei riktige invitasjonane.  

Ein annan ting: Har du flytta dei siste åra? Da er det fint om du sender ny bustadsadresse til jorun@folkorg.no. 

Det er mykje som skjer framover, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Følg med på www.folkarr.no, der får du god oversikt.