Tom Willy Rustad utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg 

Sundag 29. juni 2025 vart Tom Willy Rustad utnemnd til nytt heidersmedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Utnemninga skjedde i ein fullsett idrettshall under Meisterkonserten på Landskappleiken i Eidfjord. 

Tom Willy Rustad har gjennom heile sitt virke stått fram som ein interessert, kunnskapsrik, formidlande og innovativ folkemusikar. Han har arbeidt breitt og allsidig, har arbeidd innan arkiv og organisasjon, og som utøvar både solistisk og i mange ulike gruppekonstellasjonar, turnert i inn og utland, og vunne både Spellemann- og Folkelarm-prisar. 

Tom Willy Rustad har gått i lære hjå far og bestefar, og har slik tilegna seg materiale frå eit område som ikkje har så veldig aktivt miljø per i dag, Sør-Odal. Så har han budd og arbeidd mange ulike plassar, og har på denne måten tileigna seg store repertoar frå fleire distrikt. 

Han har gjort eit banebrytande arbeid med utviklinga av slåttespel på alle sine instrument. Særleg når det kjem til durspel har han utfordra instrumentet, og både som musikar og forskar, og skrive læreverk og artiklar om temaet. 

Som utøvar har han utdanning på klassisk gitar frå Noregs Musikkhøgskole, og hovudfag folkemusikk med slåttespel på durspel som emne. Han var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved NMH.

Tom Willy Rustad er ein utøvar og kunnskapskjelde av dimensjonar, og har stor kunnskap om mange ulike folkemusikkinstrument, og vi kan nemne munnharpe, seljefløyte, bass, cister og ulike gitarar – i tillegg til toradar. Han har vunne Landskappleiken fleire gongar både på toradar, munnharpe, seljefløyte og cister i tillegg til fleire titlar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, NM i trekkspel og på Titanofestivalen. I 2023 vann han Kongepokal i sister i klassa for eldre folkemusikkinstrument.

Han har er ein stor kapasitet i miljøet vårt, har vore det i mange år, og er sett pris på av mange. 

Føremålet i FolkOrg er å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. Å verte utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg heng høgt, og går til personar som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. 

Vi gratulerer Tom Willy Rustad som heidersmedlem i FolkOrg! 

Tom Willy Rustad

Foto: Anders Medhus for FolkOrg

Foto ingressbilde: Sanne A. Løkke for FolkOrg