Statsbudsjettet 2026

- ein kommentar frå dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi

Forslag til statsbudsjett for 2026 vart lagt fram onsdag 15. oktober av finansminister Jens Stoltenberg. Det er eit budsjett som i følgje Ap-regjeringa skal trygge fellesskapet. Det blir godt med pengar til forsvaret og andre områder. Men kulturen vert like lite prioritert i budsjettet for 2026 som det var i årets valkamp. 

Budsjettet som vart lagt fram i dag skal skape forutsigbare ramer, og det er ikkje er ikkje rom for store sprell. Kulturbudsjettet er prega av dette. Dette er statsråd Lubna Jaffery sitt tredje kulturbudsjett som kultur- og likestillingsminister, og min fyrste tanke er nettopp at her er det trygt og godt, men lite sprell, dans og moro. 

Full momskompensasjon – reelt for fyrste gong

Når det gjeld kulturbudsjettet så er momskompensasjonen eit viktig punkt for folkemusikken og folkedansen. For folkemusikk- og folkedansmiljøet og FolkOrg er gode løysingar for det friviljuge feltet heilt essensielt, og i statsbudsjettforslaget for 2026 vert det gjort framlegg om å vidareføre ordninga med full momskompensasjon – og denne gongen reelt FULL kompensasjon. Det vil si at dei set av pengar til å dekke den reelle omsøkte kompensasjonen. Dette er veldig bra - og viktig. Dette er ei ordning som gjer at lag og organisasjonar som ikkje er momspliktige - som naturleg nok betaler moms ved alle kjøp - kan få kompensert desse utlegga. Dei siste åra har FolkOrg sine lokallag fått mange millionar attende på momskompensasjonsordninga. 

Regionale kulturfond – kva i alle dager har skjedd her?? 

Regionale kulturfond er noko FolkOrg i lag med Arrangørforum, Norsk musikkråd og fleire kulturorganisasjonar over fleire år har jobba for. I fjor vart det stor jubel når budsjettet for 2025 endeleg hadde fått inn ein pott til regionale kulturfond. For inneverande år vart det lagt inn 75 millionar. Dette var ein veldig bra start, og det låg ei forventing om at denne ordninga skulle opptrappast dei neste åra. Vi hadde faktisk ei STOR forventing om at denne potten skulle doblast i 2026.

Men så ser vi at i budsjettet for 2026 er det lagt inn berre 40 millionar kroner(?!). Altså eit kraftig kutt. Dette er ein stor skuffelse, og det er heller ikkje noko skriftleg forklaring i budsjett-teksta på kvifor dette har skjedd. Dette er noko vi kjem til å følgje opp i tida framover for å prøve å få klårheit i, både sjølve og ilag med Arrangørforum.

Norsk kulturfond – inga styrking i år heller! 

Årets kulturbudsjett er sindig og nøkternt, og vi ser enda ein gong at det frie feltet ikkje får den ønska styrkinga. Sjølv om departementet skriv i innleiinga at dei ynskjer å «styrke det frie feltet og jobbe for å bedre kunstnernes levekår.» Dette opplever vi ikkje at dette budsjettet gjer! Dei skriv at det har vore ei god auke sidan saldert budsjett 2022, men slik eg les budsjettet for 2026 er det inga reell auke frå 2025. 

Kulturdirektoratet har over fleire år signalisert at det er for lite midlar til den aukande søknadsmengda i Norsk kulturfond. Aktiviteten er stor – og ikkje minst den ønska aktiviteten – men det er for lite midlar i fondet. For 2026 har Kulturdirektoratet argumentert for ei auke på 228 millionar. Dette for å få eit kraftig løft for det frie feltet - noko vi støttar opp om. 

Dette kom altså ikkje for 2026.

I folkemusikken og folkedansen er det fleire og fleire strålande utøvarar som lever av å spele, syngje og danse. Dette er fantastisk. Men det er også tøft å leve som utøvar. Vi skulle gjerne sett at Norsk kulturfond vart betrakteleg styrka, slik at både arrangørane og utøvarane hadde hatt større rom og moglegheiter. Dette kjem vi til å argumentere for i vårt høyringsinnspel til familie- og kulturkomiteen. 

Meir til dans – men ikkje til folkedans

«Regjeringen vil satse på det frie feltet, og starter med dansen», seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei uttale. Denne satsinga på sobre ca 10 millionar kroner i 2026 går fyrst og fremst til flere regionale sjangersentre, Proda profesjonell dansetrening og Danseinformasjonen. Frikar sitt kompetansesenter Fjelldansen vart ikkje inkludert, og det framstår heller ikkje som departementet har fått med seg at våre regionale sjangersentre, Folkemusikk Nord og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans, også arbeider mykje med dans! Så det er skuffande at når fyrst regionale sentre får ei mariginal auke, så er ikkje våre inkludert i denne auka. 

Det skal også seiast at vi har argumentert mykje for at det er på høg tid Sørnorsk Folkemusikksenter også får ei line på statsbudsjettet, noko vi ikkje har lukkast med denne gongen heller. 

Ikkje noko nytt fagsystem for arkiva med dette budsjettet

Over tid har det vore arbeidd med å skaffe midlar til å eit nytt fag- og katalogsystem for arkiva våre. Vi hadde mellom anna eit seminar om dette under årets Kulturytring i Drammen i juni, noko som vart utgangspunktet for denne gode kronikken ført i pennen av Knut Aastad Bråten: 

Neglisjering av kulturarven

I framlegg til statsbudsjett er det ikkje noko om midlar til ei slik satsing. Departementet gjev midlar til to sepsifikke arkivtiltak, men arbeid med nytt fag- og katalogsystem er ikkje eitt av desse. Dessverre. Det verkar som at departementet set sin lit til at Nasjonalbiblioteket prioriterer dette arbeidet innanfor sine ramer, noko vi tidlegare har sett - og gjeve beskjed om - at ikkje skjer. 

Eit nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva er noko alle vi organisasjonane på folkemusikkfeltet er heilt samstemte om, og dette blir ei felles sak inn mot familie- og kulturkomiteen. 

Vegen vidare

FolkOrg får driftsmidlar gjennom kapittel 320, post 74 Tilskudd til organisasjoner og kompetansesenter. FolkOrg fekk ei kraftig auke i drftsmidlane frå 2025, noko som var særs viktig og gledeleg. Vi fekk ikkje noko auke for 2026, anne enn ei generell auke på 2,5%. Vi søkte om å få ein pott til eit Fond for tradisjonsutøvarar, noko vi ikkje fekk innvilga. Dette er noko vi skal arbeide vidare med, og sjølvsagt noko av det vi skal kommentere og argumentere for til den nyoppfylte familie- og kulturkomiteen

FolkOrg er framleis audmjuke og glade for den auke i driftsmidlar som kom i fjor. Vi arbeider hardt og bevisst for å bruke våre driftsmidlar på best mogleg måte. FolkOrg arbeider for både det frie feltet, institusjonane og det friviljuge feltet. Vi opplev at regjeringa kjører ei line med fokus på mange andre ting enn kulturen denne gongen. Det er ingen saftige satsingar eller store overskriftar. 

I min kommentar om statsbudsjettet for 2025 skreiv eg at vi skulle feire med kake. Det blir ikkje kakefeiring denne veka, for å si det slik. 

 

Les også: 

Creo sin fyrste kommentar. 

Norsk jazzforum sin fyrste kommentar.

NKA sin fyrste kommentar.