Gruppa av yrkesutøvarar er særskild nemnd i vedtektene til FolkOrg og er definert slik: 
”Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans”. 
Pedagogar innan feltet og instrumentmakarar reknast og som yrkesutøvarar i FolkOrg.

Jamfør vedtektene som gjeld i dag, kan yrkesutøvarane sende inntil 10 delegatar til årsmøtet og har minimum 2 representantar i styret, minst ein av desse skal sitje i AU. Som ein konsekvens av at NFD og LfS slutta seg saman og danna FolkOrg, er det viktig at FolkOrg held fram det gode arbeidet NFD gjorde for yrkesutøvarane. Samstundes skal FolkOrg halde fram det gode arbeidet med lokallaga som LfS gjorde. Behova til dei to gruppene er ulike, samstundes som dei er gjensidig avhengige av kvarandre.

Det er fleire årsaker til at vi ønskjer å registere yrkesutøvarane. Døme på det er; 

  • Vi må ha ei gruppe å velje styremedlem og utsendingar til årsmøtet ut frå
  • Vi ønskjer å ha ei gruppe som vi kan rådføre oss med i saker som gjeld yrkesutøvarar
  • Det er nyttig å ha tal på kor mange yrkesutøvarar som finst på feltet, og kva dei er utøvarar i, slik at vi enklare kan sende ut viktig informasjon til denne gruppa

Eksemplar på kva yrkesutøvarane og FolkOrg skal arbeide med er: kulturpolitisk arbeid, samarbeid med MFO og utdanningsinstitusjonane, opphavsrettar, samarbeid kring Folkelarm og andre bransjetreff i Europa, arbeide mot arrangørane, fagleg påfyll og erfaringsutveksling.

Vi ber difor om at du som yrkesutøvar registrerar deg i skjemaet nedanfor: