Arbeidsgruppa har jobba etter følgande mandat: 

«Arbeidsgruppa skal finne og drøfte konkrete problemstillingar angåande LK og LF i ljos av eit styrka fokus på barn, ungdom og unge vaksne og med eit blikk fram i tid. Kva er viktig i programmet og gjennomføringa av LK og LF for at barn, ungdom og unge vaksne i enda større grad skal ha desse arrangementa som viktige og naturlege møteplassar i løpet av året? Korleis skal LK og LF klare å foredle og utvikle seg som arrangement der det å vere ein møteplass på tvers av generasjonar framleis står i høgsetet?».

Arbeidsgruppa har møttest til fem Teams-møte gjennom hausten 2024 og vinteren 2025. Arbeidet starta med å kartleggje kva for delar av arrangementa som kunne forbetrast og endrast, med eit ekstra fokus på barn og unge. Mellom møta har gruppa samla inn innspel frå ulike delar av miljøet. Arbeidet har resultert i eit stort innspelsdokument som blir overlevert til FolkOrg. Dette notatet er eit resultat av systematisering og prioriteringar blant alle innspel som har komme, og inneheld dei punkta som arbeidsgruppa meiner er dei mest sentrale og viktige satsingsområda.

Arbeidsgruppa har hatt følgande medlemmar:
Kari Nilssen (leiar), Frode Rolandsgard, Ingvild Kleiveland Vevle, Vilde Westeng og Magnhild Moen Helland. 
Sina Myhr frå FolkOrg har hatt rolla som skrivar.

Arbeidsgruppa har kome fram til desse tre hovudpunkta, som vi meiner er dei mest sentrale blant tilrådingane våre:

1. Dansen må ha h.g prioritet og vere ein heilt sentral del av kveldsarrangementa.
2. Skap konkrete møteplassar for rekruttering, inkludering og sosialisering for ulike målgrupper.
3. Legg strammare rammer og f.ringar frå FolkOrg på korleis arrangementa skal organiserast.
 

Her kan du laste ned og lese rapporten (pdf-fil)
 

På landsmøtet i FolkOrg vart rapporten lagt fram og det var ei god panelsamtale som Lene Furuli, styremedlem i FolkOrg styrte samtala mellom Alexander Aga Røynstrand, Sturla Eide, Kari Nilssen og Vilde Westeng. 

Landsmøtet panelsamtale

Lene Furuli, styremedlem i FolkOrg leia samtale om Landskappleiken og Landsfestivalen. 
Alexander Aga Røynstrand, Sturla Eide, Kari Nilssen, Vilde Westeng. 

Foto: Liv Annette Nygjerdet, FolkOrg