Landslaget for spelemenn, forløparen til FolkOrg, utnemnde Randi Gullikstad til heidersmedlem i organisasjonen i 2002. Den gongen vart både Randi og mannen, Peder, heidersmedlemar for det store arbeidet dei la ned for folkedansen gjennom heile livet. Dei la ned eit utal arbeidstimar i dansen si teneste, både som framifrå utøvarar, formidlarar, instruktørar og eldsjeler, og ikkje minst med sjeldan gode eigenskapar som miljøskaparar og inspiratorar. 

Randi dansa heile livet, og var aktiv med da Røros Folkedanslag vart oppretta midt på 70-talet. Gjennom aktivitetane i dette laget fekk folkedansen på Røros ei oppblomstring. Etter kvart var det fleire par derifrå som våga seg på kappleik. Randi og Peder stilte opp på Landskappleiken for første gong på Lillehammer i 1977. Sidan deltok på dei aller fleste både Landskappleikar og distriktskappleikar. Dei dansa seg opp i klassa A i 1980. Heile 5 gonger vann dei A-klassa på Landskappleiken, og fekk kongepokalen i 1996. 

Randi la ned ein enorm innsats i arbeidet med å føre dansetradisjonane vidare. Gjennom åra var ho med og heldt nærare 100 kurs - i lokalmiljø og elles rundt om i Noreg - og i utlandet med. 

Det blir framleis prata om «Gullikstad-metoden» der kombinasjonen av praktisk læring og formidling av historie og tradisjon var ein naturleg innfallsvinkel. I grunngjevinga til heidersmedlemsutnemninga i 2002 står det: 

Det som kjenneteiknar pedagogikken til Randi og Peder er ”læring på gammalmåten”. Dei prøvar så godt det let seg gjere å gjenskape den tradisjonelle læremåten ved å sjå, herme og danse med dei som kan. Som ein del av undervisninga, legg dei også inn sekvensar der dansen blir sett inn i ei kulturell rame og ein historisk samanheng i det miljøet som har skapt og brukt dansen.

Rørospols fyller mangt eit dansegulv i løpet av eit år, og mange er der nettopp fordi slike som Randi Gullikstad har inspirert, motivert og drive opplæring gjennom mange mange år. 

Takk for dansen, Randi! 

Med stor takksemd lyser vi fred og signing over Randi Gullikstad sitt minne.

Styret i FolkOrg

 

Randi og Peder Gullikstad på kappleiksscena. Fotoet er frå Spelemannsbladet/bladet Folkemusikk sitt biletearkiv. Ukjent fotograf.

 

På kappleiksscena: Randi Gullikstad dansar med følgje i dans fele D på Landskappleiken i 2018. Følgjet var Svein Granøien, og spelarar var Ole Erik Feragen og Mads Kuraas. Foto: Thomas Westling/FolkOrg.

 

 

Foto ingressbilde: Runhild Heggem / FolkOrg