Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund har teke initiativ til eit opprop mot NRKs nye musikktilbod. Oppropet «NRK må romma heile musikklandet!» har over 60 musikkaktørar knytte til seg. Desse representerer ei stor breidde i norsk musikkliv frå FolkOrg, Norsk Jazzforum, Oslo-filharmonien, NOPA og Norsk Komponistforening til Kulturskulerådet, Dissimilis og Norges Korforbund.
NRK meiner at musikktilbodet skal bli tydelegare, skarpare og meir tilgjengeleg med dei varsla endringane. I oppropet uttrykkjer musikkaktørane derimot ei stor bekymring for at grepa som no blir tekne vil føra til det motsette, og skriv at konsekvensane av kutta er eit fattigare musikktilbod som verken treff smalt eller femner breitt.
NRK har eit lovpålagt samfunnsansvar og speler ei avgjerande rolle i formidling av musikk i Noreg. “Vi er svært bekymret for denne utviklingen og etterlyser NRKs oppdrag som ansvarlig allmennkringkaster. NRK har et stort samfunnsoppdrag som inkluderer et ansvar for å formidle hele bredden av musikksjangre inkludert klassisk, jazz, folkemusikk, samtidsmusikk, hele bredden av utøvere og skapere fra nye til etablerte, samt kor, korps, orkestre og andre ensembler.”
I tillegg til oppropet sender Norsk Musikkråd ei klage til Kringkastingsrådet.
Les pressemeldinga og oppropet HER.
FolkOrg er ein medlemsorganisasjon i Norsk Musikkråd.