Det er Hardanger Spelemannslag som ønskjer velkommen til årets Noregsmeisterskap i folkemusikk og folkedans! Landskappleiken vert opna onsdag 25 juni av kulturminister Lubna Jaffery. – Det er stor stas at eg får opna årets kappleik – attpåtil i mitt eige heimfylke, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Årets kappleik vert sparka i gang med ein storstilt opningskonsert onsdag 25. juni. Konserten har fått namnet «Her har me butt», og det er Lajla Renate Buer Storli som regisserer konserten. – Konserten skal syna eit mangfald innan folkemusikk og folkedansen på tvers av alder, sjanger og uttrykk, seier ho.
Sist Hardanger Spelemannslag skipa Landskappleik var i 2004. Også den gongen i Eidfjord.
-Vi meinte det no var på tide å skipa til ein ny Landskappleik, seier leiar av hovudnemnda Alexander Aga Røynstrand. Alexander seier han er svært stolt av arbeidsinnsatsen som både hovudnemnda og mange andre har lagt ned no i forkant av kappleiken. -No gler vi oss til at det kjem gjestar frå heile landet for å nyte gode dagar her i Eidfjord saman med oss, seier han.

Svært god påmelding!
Det er heile 558 startnummer fordelt på 46 klasser på Landskappleiken i Eidfjord. Det er totalt 956 deltakarar, og ein god del av dei skal delta fleire gonger i ulike klasser. Årets påmelding syner at det er svært god deltaking, og i nyare tid er det kun Landskappleiken i fjor som hadde betre påmelding enn vi har i Eidfjord i år.

Kongepokal og storstilte finalar
Det er deltakarane i dei ulike solo-klassene som kjempar om å vinne kongepokalen kvart år, og det rullerar kva klasse som får tevle om denne gjeve premien. Det er difor lenge mellom kvar gong pokalen er sett opp i dei ulike klassane, og på denne måten er den ekstra gjev å vinne. I år er det deltakarane klassa for dans hardingfele A som skal tevle om å vinne kongepokalen og det er 27 dansepar som er påmeldte.
Laurdag kveld er finalekveld der dei tre beste dansepara i dans hardingfele A skal i elden ein siste gong før det vert avgjort kven som er vinnar av klassa. I tillegg vert det finalespel i klassa for eldre folkemusikkinstrument senior og i klassa for spel fele A. Kven som vinn dei ulike finale klassane og kven som får kongepokalen får vi vete under meisterkonserten sundag føremiddag.

Desse har tidlegare vunne kongepokal i klassa dans hardingfele A
2017: Ola Narverud og Ingebjørg Bratheim Bø
2017: Ola Narverud og Ingebjørg Bratheim Bø
2009: Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannessen
2002: Ami Petterson & Håkon Dregelid
1995: Gunnlaug Lien Myhr Håkon Tveit
1989: Hilde Bjørkum og Vidar Underseth
Om Landskappleiken
Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg (arrangert første gang i Bergen i 1896). Årleg samlast omlag 1000 aktive spelemenn, folkesongarar og –dansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans.
Landskappleiken skal bidra til å ta vare på og styrke dei eldste vokal-, spel-, og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt. Under Landskappleiken syng/spelar ein - eller dansar til - bygdedans musikk eller dei eldste slåtteformene frå eit tradisjonsområde i Noreg. Det vert framført folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.
Arrangementet går over fem dagar i slutten av juni, og 3000 - 4000 tilreisande kjem kvart år til kappleiken. Landskappleiken er ambulerande og flyttar kvart år til ein nytt arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans som eig arrangementet, men har kvart år ein lokal arrangør til å skipe til arrangementet, og i år er dette altså Hardanger Spelemannslag med Alexander Aga Røynstrand som leiar av hovudkomiteen.

-I år er det totalt 558 startnummer og heile 956 unike deltakarar.
-Både enkeltutøvarar, grupper og spel- og danselag deltek.
-Stort spenn i utøvarar – unge og eldre på alle nivå
-Det vert tevla både i folkemusikk og folkedans.
-Innan musikk vert det tevla i følgjande klasser: vokal, hardingfele, fele, eldre folkemusikkinstrument, langeleik, fløyte, munnharpe, durspel, lagspel, gruppespel og open klasse.
-Innan dans vert det tevla i lagdans, halling, dans hardingfele og dans fele.
-Det vert tevla i ulike klasser – A, B, C, D - inndelt etter alder og nivå.
-Kvart år vert kongepokalen delt ut på landskappleiken, og i år vert pokalen delt ut i klassa for dans hardingfele A.
Resultat frå tevlingane
Det vert publisert resultat frå tevlingane kvar dag rett etter at premieutdelinga er ferdig. Det er premieutdeling torsdag omlag kl. 21.00, omlag fredag kl. 21.00 og laurdag omlag kl. 22.00. Resultata kan ein lese på denne nettsida med det same dei er publiserte: https://resultat.folkorg.no/
Fotografering av utøvarar
De kan sjå bilete frå Landskappleiken på vår flickr-konto:
Meir informasjon: www.landskappleiken.no
Landskappleiken på facebook: https://www.facebook.com/Landskappleiken
Landskappleiken på facebook: https://www.facebook.com/Landskappleiken
Landskappleiken på Instagram: https://www.instagram.com/landskappleiken/
Vi kjem og til å publisere på Snapchat-kanalen «folkemusikk norge» gjennom kappleiksveka.
Vi kjem og til å publisere på Snapchat-kanalen «folkemusikk norge» gjennom kappleiksveka.