Lokallag takast opp i FolkOrg ved at styret i FolkOrg godkjenner tilsendt søknad om medlemsskap. Styret vurderer om formålet, arbeidsfeltet, og vedtektene til laget stemmer overeins med FolkOrg sitt formål, arbeidsfelt og vedtekter.

Søknaden må innehalde:
1. Ei kort omtale om lokallaget og kva de driv med (aktivitet, instrument, repertoar, tradisjonsområde).
2. Evt. lokal medlemskontingent til lokallaget
3. Lokallagets vedtekter
4. Oversikt over styremedlemmer, kontaktperson og musikalsk leiar/ eller danseinstruktør.

Etter at søknaden er godkjent treng vi:
1. Medlemsoversikt med namn, adresse, telefonnummer, epostadresse og fødselsdato

Krav til vedtekter
NB! Laget sine vedtekter kan ikkje bryte med vedtektene til FolkOrg.

FolkOrg sin mal til vedtekter for nye lag viser viktige punkt som må vera med. Det punktet flest lag må endre på i forhold til FolkOrg sine vedteketer, er kravet om at alle medlemma må vera medlem i FolkOrg (sjå §3 i forslag til vedtekter i høgre marg). Dette er viktig i m.a. arbeidet for å styrke søknadsordningar som VO-midla og Frifond.

Forslag til vedtekter:
Her finn du eit eksempel på standardvedtekter for lokallag i FolkOrg.
Last ned forslag til vedtekter (FolkOrg) 


Info om kontingent i FolkOrg sentralt:
- Alle medlemmar i lokallaga er personleg medlem i FolkOrg og får tilsendt faktura direkte. 
- FolkOrg sentralt har ingen lagskontingent. 
- Laget blir automatisk innmeldt i det områdelaget det soknar til. Kontingenten til områdelaget varierar. Ein del områdelag har også lagkontingent på ca. 500-600 kr. Gå inn på heimesida til det områdelaget de soknar til og sjekk opp kontingentsatsane.

Pris på medlemsskap i FolkOrg:

  • Barn kr. 100,-
  • Ungdom (18 - t.o.m. 26 år) kr. 200,-
  • Vaksne kr. 370,-
    *Gjeldande frå 2024

Litt om FolkOrg og fordelar ved medlemsskap
FolkOrg er ein organisasjon som arbeider for gode vilkår for folkemusikere, folkedansarar, folkemusikkarrangørar, spelemannslag, folkedanslag og folkemusikklag rundt omkring i landet. Dette gjer vi mellom anna gjennom å sørgje for at krava til m.a. Voksenopplæringsmidler og Frifond er innfridd og tilpassa våre lag, slik at dei kan søkje støtte til sine aktiviteter.

FolkOrg forvaltar stønadsordningar som Frifond organisasjon, FolkOrg sitt Aktivitetstilskot og rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica. Dette er stønadsordningar som medlemslag kan søkje på.

FolkOrg er også rådgjevarar for sine lag i m.a. organisasjonsarbeid, søknadsskriving og arrangering av kurs og konsertar m.m. Vi arrangerar også kurs og seminar for kompetanseheving, og alle medlemslag har tilgang til å delta på Landskappleiken og Landsfestivalen.

FolkOrg informerer om søknadsfrister og aktuelle saker gjennom både nyhetsbrev og publisering på våre heimesider (www.folkorg.no).

Laga i FolkOrg får ein egen portal i medlemssystemet StyreWeb med ein del hendige funksjonar som gjer det lettare for styret å halde kontakten med medlemma sine.

Vi har også ei veldig gunstig forsikringsavtale for instrument og bunad som mange nyttar.

Les om fleire medlemsfordeler her


TA KONTAKT:

Har du spørsmål om innmelding i FolkOrg?
Ta gjerne kontakt med:
Live Visdal, rådgjevar for lokallag i FolkOrg
e-post: live@folkorg.no
tlf: 974 15 515