Her kan du lese om GNIST frå Styreweb, her kan du finne ditt elektroniske medlemskort


FOLKORG SINE ARRANGEMENT

Landskappleiken
Rabatt på gjennomgangsbillettar
Rett til å stille som deltakar på tevling
www.landskappleiken.no

Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Rabatt på gjennomgangsbillettar
Rett til å stille som deltakar på tevling
www.landsfestivalen.no

Folkelarm
Rabatt på gjennomgangsbillettar/delegatpass
www.folkelarm.no



FORSIKRING
Instrument og bunadsforsikring
FolkOrg har ei gunstig forsikringsavtale med If Skadeforsikring, der medlemmer kan forsikre instrument og bunadar. Avtalen inkluderer også ei ulykkesforsikring.

Forsikringsavtalen gjeld alle medlemmer som har inngått avtale om forsikring gjennom organisasjonen. Også lag / foreningar tilslutta FolkOrg kan teikne forsikring.

Les meir om forsikringsordninga her



MAGASINET FOLKEMUSIKK

FolkOrg eig bladet Folkemusikk, eit frittståande tidsskrift for heile folkemusikk-Noreg. 

Medlemslag får 25% rabatt på annonsar i tidsskriftet og på nettsida folkemusikk.no. 

Medlemmer i FolkOrg får årsabonnement for kr. 350,- (normal pris 425,-)
www.folkemusikk.no



FIKEN REGNSKAP
Rekneskap og fakturering på nett

Rabattavtale med Fiken regnskap der FolkOrg sine medlem får 15 % rabatt på bruk av programmet. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til musikarar og andre enkeltpersonsføretak eller små selskap.

Oppgje at du er medlem og kva medlemsnummer du har når du bestiller.
Les meir på www.fiken.no



THE FOLK MUSIC ACADEMY – MEDLEMSRABATT
Online kurs og workshop

Møt nokon av dei beste folkemusikarane i Norden og lær det du vil, når du vil! The Folk Music Academy ynskjer å gjera folkemusikk frå etter kvart heile verda tilgjengelig for folk flest og gje innblikk i ulike tradisjonar, instrument og spelestilar.

The Folk Music Academy tilbyr m.a videokurs for både nybyrjarar og vidarekomne, intervju, workshops, noter, artiklar og brukarforum.

Som medlem i FolkOrg får du 15% avslag på abonnement hjå The Folk Music Academy. 

Les meir om medlemsfordelen og akademiet her.


NOTEFLIGHT
Online noteprogram

Mange av medlemmene våre bruker kanskje noter en gang i mellom i tillegg til å spille på gehør? FolkOrg har inngått en flerbrukeravtale med Noteflight. Det betyr at så lenge du er medlem i FolkOrg har du gratis adgang til Noteflight på nett.

Les meir om medlemsfordelen «Noteflight» her


RABATT PÅ STRENGER

Ole Bull-akademiet gjev medlemmer i FolkOrg 10% rabatt på kjøp av strenger.

Les meir og sjå utvalet av strenger her


ETNISK MUSIKKLUBB

Alle medlemmer i FolkOrg får 10 % rabatt på kjøp av CD-ar. (Gjeld ikkje allereie rabatterte plater) 

Alle medlemslag får 25 % rabatt ved kjøp av minimum 25 stk av ei utgjeving til premiar o.l. 

Alle medlemslag får 40% rabatt ved kjøp av fleire plater av ein tittel gjeve ut av Etnisk musikklubb. FolkOrg og medlemslag får 30% rabatt på annonse i medlemsbladet til Etnisk musikklubb «Toner på tvers», og rabatt på innstikk. 

www.etniskmusikklubb.no


FOLKEMUSIKKSENTERET I BUSKERUD

Alle medlemmer i FolkOrg får 10% avslag på CD-ar og 16% avslag på anna rekvisita i nettbutikken.

Les meir om tilboda her



KULTURFORDEL

Kulturfordel er Norsk musikkråds fordelsprogram for medlemsorganisasjonane. Her finn du gunstige tilbud og ordningar til både medlem, tillitsvalde og ansatte.
Ettersom FolkOrg er ein av medlemsorganisasjonane i Norsk Musikkråd, får du som FolkOrg-medlem nytta deg av deira fordelar.

Fordelsprogrammet gjer rabattar på mellom anna gratis instrumentfrakt hjå SAS, og formstøypte øyreproppar frå Hantek.

Les meir om ordninga her.

Har du spørsmål kring ordninga, ta gjerne kontakt: 
Live Visdal
e-post: live@folkorg.no