Når:

  • Onsdag 12. februar kl. 17.00 - Kulturrom
  • Torsdag 13. mars kl. 19.30 - Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Onsdag 2. april kl. 17.00 - StyreWeb

Kvar: Teams

FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom sentralleddet og lokallaga i FolkOrg, og inviterer no til ein ny runde med digital lokallagskaffi. På lokallagskaffien ønskjer vi å høyre om korleis det står til rundt omkring i lokallaga, og vi vil òg nytte høve til å informere om nyhende og aktuelle tema for lokallaga.

Lokallagskaffi vil foregå på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og pratar uformelt om ulike tema. Vi vonar at dette kan bli eit forum kor styremedlemmar, og medlemmar forøvrig, kan møte kvarandre og dele erfaringar. Det er også rom for å ta opp spørsmål med administrasjonen i FolkOrg.


12.FEBRUAR - KULTURROM  

Onsdag 12. februar kl.17.00 blir det informasjon frå Kulturrom. Kulturrom er ei nasjonal tilskotsordning for teknisk utstyr og lokaler. Nina Popperud og Hege Pålsrud vil presentere dei ulike tilskotsordningane til Kulturrom. Neste søknadsfrist er 1. mars, så viss ein har tenkt til å sende inn ein søknad, er dette ei gylden mogelegheit til å få informasjon om korleis styrke søknaden sin.  

I tillegg til Kulturrom, kjem også Sturla Eide og Åse Solstad Skjølberg frå Spelemannslaget Laust & Fast til lokallagskaffien. Spelemannslaget Laust & Fast vart i 2024 tildelt 300 000 kr frå Kulturrom, til innkjøp av hardingfeler i samband med rekruttering og opplæring. 


Torsdag 13. mars kl. 19.30 blir det informasjon om Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). Sff er eit leiande kompetansesenter i Trondheim, som arbeider for fremje, verne og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar. Dei vil på denne kaffien presentere tilskotsordningane Små og raske midler og Prosjektmidler. I tillegg vil dei informere om folkedansprogrammet Dansespor, arkivarbeid, og andre aktuelle prosjekt og ordningar.

13. MARS - NORSK SENTER FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

Torsdag 13. mars kl. 19.30 blir det informasjon om Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). Sff er eit leiande kompetansesenter i Trondheim, som arbeider for fremje, verne og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar. Dei vil på denne kaffien presentere tilskotsordningane Små og raske midler og Prosjektmidler. I tillegg vil dei informere om folkedansprogrammet Dansespor, arkivarbeid, og andre aktuelle prosjekt og ordningar.

Neste søknadsfrist for prosjektmidler er 1. april, så viss ein har tenkt til å sende inn ein søknad til denne tilskotsordninga, er dette ei gylden mogelegheit til å få informasjon om korleis styrke søknaden sin.


2. APRIL - STYREWEB

Onsdag 2. april kl. 17.00 blir det informasjon om StyreWeb. StyreWeb er medlemssystemet som FolkOrg nyttar. Alle medlemslag i FolkOrg får tilgang den obligatoriske basismodulen i StyreWeb. Geir Ove Svinø frå StyreWeb vil presentere medlemssystemet, og gå gjennom nyttige funksjonar som kan lette organisasjonsarbeidet i laga.  

Har laget ditt spørsmål om StyreWeb, eller kanskje det nye styret i laget treng ei innføring i medlemssystemet? Alle som vil lære meir om StyreWeb, er hjarteleg velkommen på vårens siste lokallagskaffi! 

 

 

Om du har forslag eller innspel til kva tema vi skal ha med på lokallagskaffien?
Ta kontakt med Live Visdal tlf. 974 15 515, live@folkorg.no.

Meld deg på lokallagskaffi i skjemaet på denne sida.