Rekord-deltaking på årets Landsfestival!
Neste veke samlast gammaldansfolk i alle aldrar seg til Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk; Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det er Oppdal Spell- og Dansarlag som ønskjer velkomne til landsfestivalen i år, med Oppdal som arrangørstad. Det skal tevlast i 14 klasser, og det er heile 845 deltakarar som deltek ein eller fleire gonger i løpet av veka, noko som er ny rekord! Landsfestivalen startar allereie onsdag 30. juli kl 13.00 med tevling i samspel og trekkspel senior. 

Det er ikkje første gongen Landsfestivalen vert arrangert i Oppdal. Det er ein røynd arrangør som har teke på seg arrangementet, Oppdal Spell- og Dansarlag har vore arrangørar heile fire gonger tidlegare, i 1990, 2004, 2011 og i 2017. Heile laget er engasjerte i stort og smått kring festivalen, og det er første gongen Gry Hoel er leiar for hovudkomiteen. Gry kan fortelje at arrangørlaget er både stolte og audmjuke over den store deltakinga til årets festival. - Vi synes det er utrolig kult at vi har sprengt den gamle rekorden fra 2022 og kan skilte med hele 845 deltakere, det er 143 flere deltakere enn forrige rekord, seier Gry. Ho legg til at den store deltakinga har ført til luksusproblem, tevlingane må starte allereie kl. 09.00 på morgonen for at alle skal få delteke på ein god måte. 

Styreleiar i FolkOrg, Kristian Hanto, er og svært glad for den store påmeldinga til tevling på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. -Gledeleg rekordoppslutning om Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal, seier styreleiar Kristian Hanto i FolkOrg.  -Dette lovar godt for rekruttering til runddansmusikken og vidareføring av desse tradisjonane." Seier Hanto som legg til at han gler seg til å reise til Oppdal på landsfestival første helga i august. 

Noregsmeisterskap i gammaldansmusikk
På landsfestivalen i Oppdal skal tevlast i fire dagar, med både dans og spel frå morgon til kveld. Tevlingane startar kl. 09.00 på morgonen og held fram med tevling og finalar utover til midnatt onsdag, torsdag, fredag og laurdag. 845 personar skal tevle i 14 ulike klasser innan solospel, gruppespel, lagspel, pardans og lagdans. Det er svært god påmelding til årets meisterskap og det vert spanande å følgje med på kven som kjem til finalane. Det unike med tevlingane på landsfestivalen i gammaldansmusikk, er at publikum kan danse til alle utøvarane. Dette gjer landsfestivalen til ein familievennleg festival der folk i alle aldrar kan danse frå tidleg om morgonen til langt på natt. Tevlingane på landsfestivalen er inndelt i junior og senior klassar, og i tillegg vert det skipa til sjokoladefestival der dei yngste kan delta med song, spel og dans.

Spesielt fokus på born og unge!
Oppdal Spell- og Dansarlag er opptekne av at born og unge skal få fine dagar på festivalen og har lagt opp til eit eige program for born og unge med fleire kurs og samlingspunkt. –Vi ønsker spesielt velkommen til alle barn og juniorer, som vi mener det er superviktig å legge best mulig til rette for, slik at motivasjon og lyst til å føre tradisjonsmusikken og dansen videre blir ivaretatt for kommende generasjoner, seier Gry Hoel. I tillegg til den tradisjonelle sjokoladefestivalen, der born deltek i ei mønstringstevling med sjokolade som premie, har arrangøren lagt til rette for at alle som ønskjer det kan delta i Landsfestivalen Juniorspelemannslag. Leiar for kulturnemnda, Øyvind Sandum, har tilrettelagt for tre slåttar som vart publiserte på nettsida til landsfestivalen tidlegare i vår. Alle som ønskjer det har difor kunne øve på slåttane for å delta i laget. Laurdag på festivalen skal det heile skje; Landsfestivalen juniorspelemannslag opptrer i forkant av finalane med tre slåttar!

Ungdommar frå Europa
FolkOrg har i samarbeid med Oppdal Spell- og dansarlag fått tilsegn på å vere ein såkalla «Meet-up» for ungdom som reiser på interrail med Erasmus+ programmet til EU. Dette betyr at det kjem omlag 10 ungdommar frå ulike europeiske land på besøk til årets landsfestival. Ungdommane skal vere publikum på festivalen som alle andre, men i tillegg vert det skipa til nokre eigne ungdompostar i programmet. Vi ønskjer og å invitere ungdommar som er til stade på landsfestivalen, anten som deltakarar eller publikum, med på desse programpostane. – Vi har lenge hatt eit ønskje om å gjere noko spesielt for ungdomsgruppa som er til stades på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og er glade for å få moglegheita til å skipe til nokon ekstra programpostar tilrettelagt for denne gruppa, seier rådgjevar i FolkOrg, Liv Annette Nygjerdet. 

Kulturprogram
I tillegg til tevling er det dansespel og sosialt samvære som er i hovudfokus dei fem dagane landsfestivalen varar. Sjølv om tevlingane er flotte konsertar i seg sjølv, er det og sett opp ekstra kulturprogram. Her er det bestillingsverket FOKSTUGU som er hovudkonserten med nyskrive musikk av Erlend Viken og tekstar av Kjell Marius Snipen. «Fokstugu» er eit bestillingsverk for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2025. Hovudkomponent for verket er Erlend Viken. Erlend Viken er født og oppvaksen i Oppdal, og har vore aktiv medlem i Oppdal Spell- og Dansarlag sidan han var 12 år. I tillegg til Erlend bidreg Kjell Marius Snipen med tekster. Kjell Marius er ein anerkjent rappar frå Dombås. Han er kjent frå prosjekter som «Ogobår» og «Dåm», men har og vore delaktig i mange andre prosjekter. Saman ønskjer desse de å bevise at kombinasjonen gammaldans og rap på Dombås dialekt er ein naturleg match, og dei trur ikkje dette vore gjort før. Les meir om konserten her

Sundagen startar med gammaldansmesse i Oppdal kirke, her vert det flott musikk med mange ulike aktørar frå fleire stader i landet. Det vert både musikk og dans i samband med messa denne sundagen. Gammaldansmessa startar kl. 10.00 og det er gratis inngang. Les meir om gammaldansmessa her

Landsfestivalen i gammaldansmusikk avsluttast som vanleg med meisterkonsert på sundag. Konserten startar kl. 12.00 og her får vi endeleg vete kven som får dei ulike plasseringane i topp tre i alle klasser. Dette er en fin og spanande konsert der vi får høyre og sjå alle pallplasseringane frå festivalveka. 

Velkommen til Oppdal! 
Oppdal Spell- og Dansarlag, med hovudkomiteen i spissen, har lagt ned mange dugnadstimar for årets arrangement allereie før startskotet går onsdag 30. juli kl. 13.00. Gry Hoel, leiar av hovudkomiteen, fortel at det har vore eit svært godt samarbeid i hovudkomiteen og at dei gler seg til å ønskje  alle festivaldeltakarar og publikum hjarteleg velkome til glade festivaldagar i Oppdal. For den som ønskjer å besøkje festivalen, er det greitt å vete at det er ledige plassar på festivalcampingen og fleire ledige private innkvarteringsmoglegheiter. Arenaen til festivalen er kring Oppdal idrettshall og Oppdal kulturhus og er både kompakt og sentrumsnær. - Oppdal har et mangfold av fritidsaktiviteter for hele familien og muligheter for en svipp til fjells underveis i festivaluka om det er ønskelig, seier Gry. Arrangøren av årets festival er opptatt av lokal mat og lokale råvarer, og har sett saman ein god og variert meny i festivalteltet.  -Ingen skal gå sulten på festivalen vår, og vi er svært stolte av å kunne tilby våre gjester de beste retter av lokale råvarer til en fornøyelig pris, seier festivalsjefen. Ho legg til at det og er mange flotte butikkar og restaurantar i sentrum som er verdt eit besøk. -Vi gleder oss til å kunne ønske store og små hjertelig velkommen til Landsfestivalen i gammeldansmusikk her i Oppdal, avsluttar Gry Hoel med eit stort smil. Det er ingen tvil om at ho gler seg til at Landsfestivalen i gammaldansmusikk nok ein gong kjem til Oppdal!

Her ser du heile programmet til Landsfestivalen 2025

Her kan du sjå kven som skal delta

Teksta er sendt ut som pressemelding og kan nyttast av presse slik den er eller ved uttdrag. 

Oppdal Spell- og dansarlag

OPPDAL SPELL- OG DANSARLAG
Foto: Reed-forum