Svein Skjerdal var fødd i Aurland i Sogn, men var frå 1964 busett i Sogndal. Heile livet brukte han mykje tid på å dyrke eit stort spekter av folkemusikken og dansen, både som utøvar og som organisator og inspirator for andre. Svein har gjort ein umåteleg stor innsats som musikalsk leiar i spelemannslaget og som læremeister for mange unge.

Han arbeidde mykje med å få liv i springardansen i Sogn. Saman med kona Erna fekk han springaren fram i ljoset på kappleikar – mellom anna med gode plasseringar i klasse A – og dei var trufaste og dyktige rettleiarar på kurs. 

Erna og Svein Skjerdal dansar springar på kappleik i 1989. Fotoet er henta frå Spelemannsbladet/Folkemusikk sitt arkiv. Fotograf ukjent. 

Svein var tre gonger på turne i USA som spelemann og dansar, mellom anna reiste han i Midt-Vesten 1961-62 og heldt i alt 320 skuleforestillingar. Også i heimefylket Sogn og Fjordane reiste han på skulekonsertar både med spel, song og dans.

Svein var også ein organisator, og engasjerte seg for kappleikane. Han hadde ansvar for mange fylkeskappleikar og Vestlandskappleikar, mellom anna var den fyrste fylkeskappleiken skipa til i Sogndal 1964 under Svein si leiing, og han var leiar for den fyrste Landskappleiken i Sogn og Fjordane, i Sogndal 1971. Den same oppgåva tok han på seg att i 1987. Han sat mange timar ved dommarbordet på kappleikar, og på Landskappleiken har han dømt både spel, song og dans.

Då Sogn og Fjordane folkemusikklag vart skipa 1981 tok Svein på seg oppgåva å vere den fyrste leiaren. Han arbeidde då m.a. sterkt for oppretting av folkemusikkarkiv og reiseinstruktørstillingar. 

Svein var styremedlem i Landslaget for Spelemenn i fire år.

Svein var heidersmedlem i Sogn spel-og dansarlag, har fått kulturprisen for Sogndal og folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane. Han vart utnemnd som heidersmedlem i FolkOrg - den gong Landslaget for Spelemenn - i 2003. 

Vi lyser fred over Svein Skjerdal sitt minne.

 

Hilde Bjørkum, Svein Skjerdal og Ola Hestenes ved opninga av fylkesmusikkarkivet i Sogn og Fjordane - som seinare vart ein del av Fylkesarkivet. Foto frå Spelemannsbladet/Folkemusikk sitt arkiv. Fotograf ukjent.

 

Her kan de sjå Svein og Erna danse springar:

 

 

Ingressbildet: Foto er henta frå Folkemusikk/Spelemannsbladet sitt arkiv. Fotograf ukjent.