Så kom den triste meldinga om at Halvdan Furholt er død.

Bjarne Halvdan Furholt var fødd i 1931 i Vegusdal i Aust-Agder, og blei utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 2007.

Halvdan Furholt byrja å spela hardingfele i tidleg ungdomsalder, og fyrste læremeisteren var broren Otto. Seinare lærde han mykje av Andres K. Rysstad frå Setesdal og Gunnar Austegard med tradisjon frå Åseral. Halvdan blei mykje nytta som dansespelemann på kappleikar, framsyningar, i leikarringar og elles i lyd og lag. Elles var han gjennom åra også ein trufast deltakar på lokal- og landskappleikar. Han spela i klasse A frå 1978, var med i fleire folkemusikkprogram i radio og fjernsyn, i tallause kulturprogram og konsertar, og blei jamt beden om å spela i bryllaup og i gravferder.

Halvdan var mykje bruka som domar i spel og kveding på kappleikar, og dreiv også med opplæring i felespel. Dette skjedde fyrst og fremst i Kristiansand spelemannslag, der han i mange år var musikalsk leiar. I 2001 fekk han Kongens Fortenstmedalje.

Det er tydelege fotefar etter folkemusikaren Halvdan Furholt på Agder. FolkOrg minnest Halvdan i takksemd og glede. Me lyser fred over mannen og vokster over arven etter han.

 

Halvdan Furholt. Bildet frå bladet Folkemusikk / Spelemannsbladet sitt bildearkiv. Fotograf og årstal ukjent.

 

Halvdan Furholt. Bildet er henta frå bladet Folkemusikk / Spelmannsbladet sitt bildearkiv. Fotograf og årstal er ukjent. 

 

Vi kan også tipse om NRK-programmet “På tonereise i Agder” med brødrene Otto og Halvdan Furholt: