Dagfinn Nupen har gått bort. Ei enormt stor kunnskapskjelde har gått ut av tida. 

Nupen hadde heile livet ei stor interesse for folkemusikken, og særleg den eldste musikken og dei eldste blåinstrumenta. Han han kunne mykje om og hadde ei stor samling med blåseinstrument - lurar, dyrehorn, munnharpe, seljefløyte, prillarhorn, beinfløyte - og har skrive mange hefter og artiklar om temaet. Dagfinn reiste og turnerte for Rikskonsertane, spelte og demonstrerte blåseinstrument i skular og høgskular. Han hadde sitt eige folkemusikkblad i mange år, og var medlem i redaksjonsnemda for Spelmannsbladet i fleire periodar. 

Nupen var dommar på Landskappleiken mange gonger, og har bidrege i FolkOrg med informasjonsarbeid kring dei eldre folkemusikkinstrumenta. Han sat også i styret i Møre og Romsdal folkemusikklag i mange år.

Dagfinn Nupen var alltid ein formidlar der han spelte og fortalte. Han engasjerte lyttaren. Han gjorde mykje for bevaring og formidlinga av dei eldre folkemusikkinstrumenta i ei tid da få andre dreiv på med dette. I mange år var eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken og Dagfinn Nupen to sider av same sak

Dagfinn Nupen vart heidersmedlem i FolkOrg (den gongen LfS) i 2005. Formidlaren og all kunnskapen hans vil bli sakna. Me lyser fred over minnet hans.

 

Dagfinn Nupen med luren. Bildet frå bladet Folkemusikk / Spelemannsbladet sitt bildearkiv. Fotograf: Øyvind Fet

 

Dagfinn Nupen. Bildet er henta frå bladet Folkemusikk / Spelemannsbladet sitt bildearkiv. Fotograf: Odd Meringdal

 

 

Dagfinn Nupen på kappleikscena i Trysil i 1989. Bildet er henta frå bladet Folkemusikk / Spelemannsbladet sitt bildearkiv. Fotograf: Trond-Ole Haug