Frifond Organisasjon
Målgruppa for denne ordninga er barn og unge under 26 år. Dersom lokallaget oppfyller krava for tildeling, får laget driftstønad basert på antal medlem i laget under 26 år. Ein kan også søkje om prosjekttilskot i tillegg til driftsstønad.


Frifond organisasjon har som formål å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet. Dersom lokallaget oppfyller krava for tildeling, får laget driftstønad basert på antal medlem i laget under 26 år.

FolkOrg søkjer kvart år Norsk musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.


Driftstilskot og prosjektmidlar
Lokallag søkjer på ordninga gjennom sitt sentralledd og kan kan søkje om både driftstilskot og prosjektmidlar.

FolkOrg sine retningsliner
Her kan du lesa FolkOrg sine retningsliner for Frifond-fordeling
 

 

Kven kan søkje:
•    Lag som er medlem hjå FolkOrg.
•    Lag med drift eller prosjekt for born og ungdom under 26 år.
•    Lag med minst 3 personar under 26 år.
•    Lag som er demokratisk oppbygd.
•    Lag som har eit allmennyttig siktemål.
•    Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av 
      områdelaget som fungerer som lokallag.)
•    Lag som har folkemusikk/folkedans som si hovudverksemd.

Kven kan ikkje søke?
    Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
•    Lag organisert av det offentlege
•    Lag som er fortenestebaserte
•    Lag som er basert på samverkeprinsippet
•    Lag som er organisert og registrert som ei stifting
•    Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
•    Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan nasjonal organisasjon
 

Kva kan de få stønad til? 
•    Denne ordninga gjeld for midlar som skal nyttast til drift og prosjekt i perioden 01.01.24 - 31.12.24.
•    Ordninga er todelt, og lokallag kan søkje om stønad til:
•    1) Driftstilskot til oppstart, drift og aktivitet
      Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd) kan søkast på grunnlag av tal på 
      medlemmar under 26 år (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning).
      NB: Merk at laget må ha min. 3 betalande medlem under 26 år for å kunne søkje om driftstilskot.
•    2) Tilskot til prosjekt eller bestemte aktivitetar
      Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot  
      born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering.
       

NB! Laga kan søkje både om driftstilskot og prosjekttilskot.

Når er søknadsfristen?
Søknadsfristen er i midten av oktober kvart år.

Korleis sender ein inn søknad? 
Søknad sendast gjennom eige skjema på FolkOrg si heimeside. 
Ordninga vert lyst ut i løpet av juni kvart år. 
 

Fristar og rapportering:
•    Midlar tildelt i 2023 skal brukast innan 31.12.2024
•    Rapporteringsfrist midlar tildelt for 2024 er 31.01.2025
 

Ta kontakt med Solfrid Nestegard Gjeldokk for spørsmål og hjelp: solfrid@folkorg.no , tlf. 415 52 655.