Frifond organisasjon er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske vilkåra for frivillige organisasjonar og deira kulturaktivitetar for barn og unge. FolkOrg har difor fordelt tilnærma 2/3 av potten etter ein fordelingsnøkkel på tal på medlemmar under 26 år i kvart lag. 1/3 har gått til prosjekt spesielt retta mot barn og ungdom under 26 år. Midlane skal brukast i perioda mellom 01.01.2026 - 31.12.2026.
På grunn av overskytande midlar frå kompensasjonsordninga for juniordeltaking under Landskappleiken og Landsfestivalen, er prosjektpotten i år ekstra stor.
Totalt vert det delt ut 488 125 til driftstilskot og kr. 354 255 til prosjekttilskot til innkomne søknadar.
Meld barn og unge i laget ditt inn i FolkOrg!
I retningslinene for Frifond organisasjon får FolkOrg tildelt Frifondmidlar – 50% etter tal på lag med minimum 1/3 av medlemmar under 26 år og 50% etter tal på betalande medlemmar under 26 år. Medlemmar under 26 år er altså grunnlaget for den summen FolkOrg får til utdeling til lokallaga sine. Det er difor særs viktig at laga melder barn og unge inn i FolkOrg - og sikrar at det vert betalt medlemskontingent for dei.
Prosjektsøknadene er vurdert etter:
- Prosjekt retta mot barn og unge under 26 år
- Tydeleg målsetting om rekruttering
- Lengde og omfanget på prosjektet/kurset
- Godt planlagde prosjekt vert prioritert
- Prosjekt i område som treng et løft er også prioritert
Les retningslinene godt!
Det er viktig at alle som får Frifondmidlar les retningslinene godt og held seg til rapporteringsfristar.
Her kan du sjå heile tildelinga for 2026
Tildeling Frifond organisasjon 2026 (pdf-fil)
Rapporteringsskjema
Lag som har motteke stønad kan rapporterte enkelt til oss ved å fylle inn direkte i vårt rapportskjema på nett. Fordi nettsidene til FolkOrg skal over på ny plattform, blir denne nettartikkelen offentleggjort seinare.
Dersom du heller vil sende inn rapport pr e-post, kan du sende pr e-post til live@folkorg.no
Send inn rapport innan 31. januar 2027
(Ved stønad til drift skal rekneskap sendast innan 1. mars 2027)
Klage på vedtak
Laga kan klage på saksbehandling, vedtak om avslag og vedtatt fordeling. Skriftleg klage skal sendast til FolkOrg innan tre veker etter at tildelingsbrev eller avslagsbrev er sendt. Klagen blir vurdert av administrasjonen og blir endelig behandla av styret i FolkOrg.
