Frifond organisasjon – søkjast gjennom FolkOrg

Frifond organisasjon er ei stønadsordning som delast ut til frivillige organisasjonar, og deira  aktivitetar for born og unge under 26 år. Frifond organisasjon har som formål å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet.

FolkOrg søkjer kvart år Norsk musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.

Driftstilskot og prosjektmidlar
Lokallag søkjer på ordninga gjennom sitt sentralledd og kan kan søkje om både driftstilskot og prosjektmidlar.

FolkOrg sine retningsliner
Her kan du lesa FolkOrg sine retningsliner for Frifond-fordeling: FolkOrg sine retningsliner for Frifond 

NMR sine føringar er gjeldande for forhold som ikkje regulerast av desse retningslinene.
 

Neste søknadsfrist er i oktober 2024
 

Søknadsskjema:
Søknad sendast gjennom eige skjema som du finn nedst på denne sida. Du får tilsendt stadfesting og kopi av søknaden når søknaden er innsendt. 

Fristar og rapportering:

  • Midlar tildelt i 2023 skal brukast innan 31.12.2024
  • Rapporteringsfrist midlar tildelt for 2024 er 31.01.2025

Har du problem eller spørsmål ved utfylling av skjemaet – ta kontakt med Solfrid Nestegard Gjeldokk for hjelp: solfrid@folkorg.no , tlf. 415 52 655.

 

Kven kan søkje:

  • Lag som er medlem hjå FolkOrg.
  • Lag med drift eller prosjekt for born og ungdom under 26 år.
  • Lag med minst 3 personar under 26 år.
  • Lag som er demokratisk oppbygd.
  • Lag som har eit allmennyttig siktemål.
  • Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag.)
  • Lag som har folkemusikk/folkedans som si hovudverksemd.

Kven kan ikkje søke?

  • Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
  • Lag organisert av det offentlege
  • Lag som er fortenestebaserte
  • Lag som er basert på samverkeprinsippet
  • Lag som er organisert og registrert som ei stifting
  • Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
  • Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan nasjonal organisasjon

Kva kan de få stønad til?

Denne ordninga gjeld for midlar som skal nyttast til drift og prosjekt i perioden 01.01.24 – 31.12.24.

Ordninga er todelt, og lokallag kan søkje om stønad til:

1) Driftstilskot til oppstart, drift og aktivitet
Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd) kan søkast på grunnlag av tal på medlemmar under 26 år (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning).

NB: Merk at laget må ha min. 3 betalande medlem under 26 år for å kunne søkje om driftstilskot.

2) Tilskot til prosjekt eller bestemte aktivitetar
Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering.

NB! Laga kan søkje både om driftstilskot og prosjekttilskot.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Solfrid Nestegard Gjeldokk, solfrid@folkorg.no.

 

Søknadsskjemaet er stengt.