Eli Storbekken utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg 

Sundag 30. juni 2024 vart Eli Storbekken utnemnd til nytt heidersmedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Utnemninga skjedde i ein fullsett idrettshall under Meisterkonserten på Landskappleiken på Gol. 

Eli Storbekken har vore ei viktig kjelde for veldig mange. Hennar formidlingsevne er stor, og ho har undervist mange barn, unge og vaksen i vokal folkemusikk. Frå tidleg i tenåra reiste ho med far sin og opptredde på konsertar i inn- og utland. Sidan det har ho vore på ei musikalske reise der ho har formidla, foredla og utvikla den tradisjonelle songskatten – dei tidlause tonane – dei små lokkane og stubbane, spenstige skillingsviser og vakre balladar.  

-Organisasjonen vår, FolkOrg, representerer friviljugheit, engasjement og dedikasjon. Vi har svært mange medlemar som har arbeidd godt og lenge, og det er mange som fortener heder og ære for alt det gode arbeidet som blir gjort. Å bli heidersmedlem i FolkOrg heng høgt. Da har ein person gjort noko særskilt – over mange år. I år har styret vald å utnemne ein person som har arbeidd godt og lenge for føremålet: Som aktiv og anerkjent utøvar, tradisjonsberar og organisasjonsmenneske. Eli Storbekken er ein respektert og hardtarbeidande musikar som har bidrege til at den gamle songtradisjonen blir vidareført, sa styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, under utnemninga på Meisterkonserten under Landskappleiken på Gol 

Eli Storbekken har vore både aktiv som utøvande profesjonell musikar, men også hatt mange ulike tillitsverv og aktiv friviljug i folkemusikkmiljøet. Ho har vore deltakar og dommar på Landskappleiken mange gonger. Ho har vore nominert til Spelleman, ho har fått fleire folkelarmprisar, ho fekk den gjæve Rolf Gammlengprisen i 2010, samt Tolgaprisen i 2011. Ho har fleire gonger fått kunstnarstipend frå Norsk kulturråd.  

Det er styret i FolkOrg som vedtar om dei skal utnemne heidersmedlem det året og kven som eventuelt skal bli utnemnd etter framlegg frå medlemslag, enkeltmedlemar, administrasjonen, eller styremedlemar. Vedtektene til FolkOrg seier: Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. 

I 2023 vart Eli 70 år, og vart feira med ein storstilt konsert på Riksscenen i november same år. Her var det eit stort kobbel av fantastiske musikarar som heidra og feire henne som den utadvendte og fantastiske musikaren ho er. Og med utnemninga som heidersmedlem har ho nå blitt heidra av heile folkemusikkfamilien.  

Vi gratulerer Eli Storbekken som heidersmedlem i FolkOrg!