Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet. Aktivitetstilskot frå FolkOrg vart oppretta i 2021 og har som føremål å bidra til lokale arrangement og lokal aktivitet i heile folkemusikk- og folkedansmiljøet.

I søknadsrunden 2025 kom det totalt inn 55 søknadar, med ein samla søknadssum på kr. 757 450,-, og 26 av desse fekk innvilga søknaden.

I år, som i fjor, var det rekordsøking til denne tilskotsordninga. På grunn av oversøking var det fleire gode søknader som fekk avslag sjølv om dei var innanfor retningslinene til ordninga.

Aktivitetstilskot 2026
På landsmøte i april vart det vedteke at ein viss sum av overskotet frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, skal inn i FolkOrg sitt Aktivitetstilskot. Det vil seie at dei økonomiske rammene til Aktivitetstilskotet truleg vil bli auka frå 2026. Med tankte på årets rekordsøking til ordninga, vil denne auka vere særs positiv. Utlysing av ny runde med Aktivitetstilskot skjer i februar 2026, med søknadsfrist april 2026.

 

HER KAN DU SJÅ KVEN SOM FEKK TILDELT STØNAD (pdf).

Foto: Isa Holmgren