Aktivitetstilskot frå FolkOrg

Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet.

Føremålet med denne ordninga er å kunne famne breitt og støtte lokal aktivitet i heile landet.

Den totale potten er på kr. 200 000,-  og øvre søknadsgrense er kr. 15 000,- .

Søknadsfristen er 15. april kvart år.

Kvar søkjer eg?
Søknadsskjema finn du nedst på denne sida. 
 

Kven kan søkje?
- Enkeltmedlemer, lokallag, områdelag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg

Ordninga støttar:
- Lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar
- Tilskot til prosjekt og tiltak som har fokus på aktivitet, rekruttering og/eller opplæring
- Aktiviteten skal vera open og inkluderande
- Tiltaket skal vera gjennomført innan eitt år

Ordninga støttar ikkje:
- Nasjonale arrangement
- Prosjekt som allereie er avslutta

Økonomisk ramme: kr. 200 000
Øvre søknadsgrense: kr. 15 000

Budsjett:
Søknaden skal innehalde finansieringsplan/budsjett for tiltaket og skal syne både planlagte inntekter og utgifter. Tiltaka bør syne til fleire inntektskilder i form av t.d. stønadsordningar, eigenkapital og billettinntekter/deltakaravgift.

Er du usikker på korleis du skal sette opp budsjettet? Klikk her for å sjå eksempel på budsjett!

Både einskildpersonar, lag og arrangørar kan være medlem i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg

Rapport skal sendast inn når tiltaket er avslutta, seinast 1. mai 2025.

Rapporten skal kort omhandle:

  • Korleis tiltaket vart gjennomført
  • Resultatet av tiltaket

Har du spørsmål? Ta kontakt med Solfrid Gjeldokk, solfrid@folkorg.no,
tlf: 415 52 655

-

Tidlegare tildelingar: 
Aktivitetstilskot 2022
Rekrutteringstilskot 2022
Aktivitetstilskot 2021
Rekrutteringstilskot 2020
Danseaktivitet 2020
 

SØKNADSSKJEMAET ER NO STENGT.