FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut FolkOrgs lokallagspris. Prisen vart oppretta i 2012, og vart fyrst kalla Årets lokallag. I 2023 vart det bestemt at prisen skal delast ut annakvart år på landsmøte, og prisen endra då namn til FolkOrgs lokallagspris. Det er styret i FolkOrg som avgjer kven som får FolkOrgs lokallagspris på bakgrunn av innsendte nominasjonar.
Prisen, som er på 20 000 kr, blir i 2025 delt ut til Lom spel- og dansarlag.
Lom spel- og dansarlag er eit aktivt lag som kan syne til høg aktivitet gjennom heile året. Leiinga i laget legg ned ein solid arbeidsinnsats, og har i tillegg mange kreative innfallsvinklar til aktiviteten i laget noko som gjer at dei stadig er i utvikling.  
Laget har i lang tid hatt fokus på rekrutteringsarbeid, som kan vere ein grunnane til god medlemsauke av barn og unge i laget. Dei har høg aktivitet og skapar sosiale møteplassar mellom anna med regelmessige øvingar i spel, dans og song for både unge og vaksne. Dei siste åra har laget i tillegg til ordinære øvingar for medlemmar arrangert «Kræsjkurs» i springleik, dansekurs i parhalling fra Gudbrandsdalen, miljøkveldar og konsertar, munnharpekurs, samt kurshelg for barn og ungdom i samarbeid med Øyrafolk og Havella.  
Lom spel- og dansarlag er ein viktig bidragsytar i det lokale og regionale kulturlivet, og er ein solid arrangør av ulike arrangement innan folkemusikk og folkedans i Gudbrandsdalen. Laget arrangerte Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2015, og Landskappleiken i 2023, som båe var vellukka arrangement med stor oppslutning av både publikum og deltakare. Det er særs gledeleg å sjå at laget har brukt overskotet frå desse arrangementa til å fokusere på rekrutteringsarbeid og arrangere gode folkemusikk- og folkedansaktivitetar i sitt nærmiljø.
Det er med stor glede FolkOrg gje Lokallagsprisen 2025 til Lom spel- og dansarlag!
Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans (2012)
 - Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner (2013)
 - Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt (2014)
 - Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument (2015)
 - Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid (2016)
 - Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region (2017)
 - Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd (2018)
 - Trysil-Knut Dans og spelmannslag (2019)
 - Setesdal Spelemannslag (2020)
 - Bærum Spellemannslag (2021)
 - Ål spel og dansarlag (2022)
 - Øystre Slidre spel- og dansarlag (2023)
 

Foto: Runhild Heggem
									
								