Styret i FolkOrg har vedteke å dele ut Eldsjelprisen kvart andre år under Landsmøtet. Dette er andre gongen FolkOrg deler ut denne prisen. Fyrste gong var i 2021, som ein del av Advent Folk-programmet som vart laga same år. Den gongen var det Harald Omnes frå Nes Nasjonale Dansarring som vann.  

FolkOrg har oppmoda medlemmar om å sende inn sine forslag til vinnarar. Om prisen står det følgande:

Med denne prisen ynskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid. 

FolkOrg ynskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar. 

Grunngjeving for årets tildeling
Rekruttering, formidling og aktiv vidareføring av folkemusikktradisjonen skjer ikkje gjennom fagre ord og gode intensjonar. Kulturarvens vidare eksistens står og fell på iherdig og heilhjarta innsats frå lokale tradisjonsberarar. For å skapa entusiasme og interesse kring eit juniorspelemannslag i eit område der tradisjonsmusikken står i fare for å ende på museum, krevs ei stor innsatsvilje og langsiktig arbeid gjennom mange år. Det vitnar også om eit bankande hjarte for ivaretakinga og vidareføringa av den lokale folkemusikken. 

Spelemannslaget Laust & Fast vart stifta i 2018 som eit resultat av endringar i kulturskuleundervisninga som prisvinnaren stod i spissen for - eit arbeid som starta allereie tilbake i 2006. Spelemannslaget er eit godt døme på eit vellukka samarbeid mellom kulturskule og frivillig lag gjennom mange år – til inspirasjon for andre folkemusikk- og dansemiljø rundt om i landet. Laget har med åra vakse seg stort og har i dag 32 medlemmar, kor 19 av desse er under 26 år.

Spelemannslaget Laust og Fast er eit inkluderande tilbod for barn og unge på tvers av instrumentering, kor også dansen har fått ein sentral plass på øvingane. Prisvinnaren har også vore ein viktig bidragsytar i å utvikle folkemusikkdidaktikk i praksis ved mellom anna utgjevingane Kattapols og Kattalender.

Det er med stor glede at vi tildeler Eldsjelprisen 2025 til Sturla Eide, for sitt prisverdige arbeid med å vidareføre gleda for, og kjennskapen til den lokale folkemusikken i Skaun og omeng gjennom Spelemannslaget Laust & fast.

Stula Eide

Sturla Eide, vinnar av FolkOrgs eldsjelpris 2025. 

Foto: Liv Annette Nygjerdet / FolkOrg