FolkOrg ynskjer å utvikle ein grafisk profil retta mot born og unge. Dette gjer vi for å skape ein raud tråd i det som har med dei yngre og gjere, og for å skape ein tilhøyrigheit til organisasjonen for barn og unge. Den nye profilen skal brukast på våre arrangement som Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, i trykksaker, på web og i profileringar elles.
Vi ynskjer at profilen skal inneholde ein eller flere maskottar, logo, illustrasjoner, skrifttyper med mer. Profilen må kunne brukes som ein heilskap eller ved bruk av elementer fra profilen.
Veit du om nokon i miljøet som passar til å ta ein slik jobb? Dersom det er deg eller du har tips til den rette for denne jobben, så send oss gjerne ein e-post med lenkje til nettside, portfolio eller døme på tidlegare arbeid.
Kontaktperson:
Hilde Fjerdingøy
hilde@folkorg.no