Lokallag, omårdelag og medlemer i FolkOrg kan søkje støtte til aktivitetar, kurs og andre tiltak gjennom fleire ulike organisasjonar. 

Her finn du søknadskalender med oversikt over alle ordningane og kva månad dei har søknadsfrist. 

 

Tilskotsordningar for lag og arrangørar

Musikkens studieforbund
Voksenopplæringsordninga gir stønad til øving og anna opplæringsaktivitet gjennom 
Musikkens Studieforbund (MSF). MSF fordeler økonomisk stønad til opplæring etter 
godkjente studieplaner.

For å søkje om stønad må ein vera medlem i ein av MSF sine medlemsorganisasjonar (som til dømes FolkOrg).
Søknad gjennom Musikkens Studieforbund sin søknadsportal. Utlysing kvart halvår.

 

 

Tilskotsordningar for lag og arrangørar

Frifond kompetanse og aktivitet
Frifond kompetanse og aktivitet er ei tilskotsordning innafor rammene til Frifond Musikk. 
Ordninga skal gi lokale lag for og med barn og unge under 26 år mogelegheit til å sette inn 
kompetansehevande tiltak i lokallaget, ekstraordinær aktivitet, samarbeidsprosjekt eller andre liknande tiltak. Merk at lag kan ikkje søke stønad til same prosjekt for same år gjennom Frifond Organisasjon på hausten.

Søknad direkte til Frifond gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal. Neste søknadsfrist er 5. april 2025.
 


 

Tilskotsordningar for lag og arrangørar
 

KOMP
KOMP er ei tilskotsordning for kortare opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak som skal styrkje og utvikle aktivitet, utøving og kvalitet innanfor det rytmiske feltet. Organisasjonar og lag, frittståande grupper, kulturskuler og andre kommunale kulturaktørar innanfor dei rytmiske sjangrane kan søkje på ordninga.

Søknad gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal, med søknadsfrist i februar kvart år.

 

Tilskotsordningar for lag og arrangørar

Kulturrom (tidligare Musikkutstyrsordningen)
Kulturrom skal bidra til at det finst øvingslokale og gode tekniske vilkår for framføring av musikk, 
dans og teater over heile landet. Ein kan søkje om tilskot til både teknisk utstyr og til bygg og 
utbetring av lokale.

Søknadar behandlast to gonger i året, og søknadsfristene er 1. mars og 1. september.

 

 

Tilskotsordningar for lag og arrangørar

Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Små raske midler
Formålet med ordninga er å stimulere til aktiviteter som skapar, formidlar, bevarer, dokumenterer 
og tilgjengeleggjer folkemusikk og folkedans. Søknadsramma er beløp mellom kr. 0 – 15 000,-

Fortløpande behandling.

Prosjektmidler
Denne ordninga er ei prosjektstøtte, og rettast mot fleire type einskilde tiltak for folkemusikk og 
folkedans. Ordninga skal primært dekkje områder som ikkje vert dekt av andre innanfor området. 
Søknadsramma er beløp mellom kr. 15 001 – 50 000,-

Behandling to gonger i året.