Amund Bjørgen vart født i 1941. Han voks opp i ein musikkengasjert familie på garden Bjørgen i Garmo i Lom. Han vart med i Lom spelmannslag allereie i 1955 saman med far sin. Her vart han kjent med dei eldre spelemennene: Sjugurd Garmo, Johannes Langøygard, Mathias Bakken, Einar Turtum, Hans W. Brimi, den eldre Kristen Fyrun og fleire. Her møtte han også Ola Moløkken (1871-1957), som vart eit ideal for Amund heile livet. Litt seinare begynte også Bjørn Odde (1939-2020) i laget, som var to år eldre. Dei to var frå den gongen spelkameratar gjennom heile livet.
Amund har vore aktiv i Lom spel- og dansarlag heile livet. Utanom spelinga hadde Amund mange tillitsverv i mange år. Han var i tilsaman 26 år leiar i Lom spel- og dansarlag, og gjorde ein stor arbeidsinnsats i laget. Han meinte det var viktig å ha eit slik interesselag, det styrka den lokale musikken og dansen.
I 1954 deltok Amund på sin fyrste kappleik, og i 1957 sin fyrste landskappleik. Det var starten på ei stor karriere på kappleikscena. Han vann A-klassa heile sju gonger. I tillegg var han 12 gonger nr 2. Amund synes det var viktig å delta på kappleikar. På den måten viste han interesse for folkemusikken, støtta arrangørane og ikkje minst spele for eit interessert publikum.
Amund var med i Hans W. Brimis kvintett frå slutten av 1960-talet. I 1969 vart det LP, Gamaldans under Lomseggen. Gruppa lét inn over 30 gammaldansprogram i NRK. I desse åra hadde gruppa mykje dansespeling rundt omkring, og var av dei som var med å byggje interessa for runddansmusikken.
Amund var ein særs mykje brukt musikar, og spelte ofte i kyrkja ved bryllaup, gravferder og ved vanlege messer. Her brukte Amund helst lydarslåttar og marsjar som han var ein meister til å framføre. Etter kvart tilpassa han springleiken også ved slike høve.
Amund og spelvennen Bjørn Odde spelte inn CD’n Slåttemusikk frå Lom, den fekk dei spelmannsprisen for i 1993. Anne Hytta skreiv i Klassekampen 13. april 2015: "(…) om du drar på en kappleik og hører felespillere konkurrere seg imellom om beste framføring av to slåtter, vil du alltid høre slåtter fra denne utgivelsen. Den har med andre ord danna skole for felespillere av i dag".
Amund Bjørgen har vore ein viktig spelmann og tradisjonsberar i Lom og Gudbrandsdalen heile livet. Han har arbeidd ivrig og engasjert for slåttemusikken og folkemusikken sidan 1950-talet, han har vore ein god og raus ambassadør for folkemusikken, noko som førte til at han vart utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg under Landskappleiken i Lom i 2023.
Vi lyser fred og signing over Amund Bjørgen sitt minne.
Styret i FolkOrg
Foto ingressbilde: Anders Lillebo / FolkOrg