Aktivitetstilskot frå FolkOrg
Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringsstøtte og Danseaktivitet.
Føremålet med denne ordninga er å kunne famne breitt og støtte lokal aktivitet i heile landet.
Den totale potten er på kr. 200 000,- og øvre søknadsgrense er kr. 15 000,- .
Søknadsfristen er 15. april kvart år.
Kvar søkjer eg?
Søknadsskjema finn du nedst på denne sida.
Kven kan søkje?
- Enkeltmedlemer, lokallag, områdelag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg
Ordninga støttar:
- Lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar
- Tilskot til prosjekt og tiltak som har fokus på aktivitet, rekruttering og/eller opplæring
- Aktiviteten skal vera open og inkluderande
- Tiltaket skal vera gjennomført innan eitt år
Ordninga støttar ikkje:
- Nasjonale arrangement
- Prosjekt som allereie er avslutta
Økonomisk ramme: kr. 200 000
Øvre søknadsgrense: kr. 15 000
Budsjett:
Søknaden skal innehalde finansieringsplan/budsjett for tiltaket og skal syne både planlagte inntekter og utgifter. Tiltaka bør syne til fleire inntektskilder i form av t.d. stønadsordningar, eigenkapital og billettinntekter/deltakaravgift.
Er du usikker på korleis du skal sette opp budsjettet? Klikk her for å sjå eksempel på budsjett!
Både einskildpersonar, lag og arrangørar kan være medlem i FolkOrg.
Du kan lese meir om medlemskap her: Meld deg inn i FolkOrg
Rapport skal sendast inn når tiltaket er avslutta, seinast 1. mai 2025.
Rapporten skal kort omhandle:
- Korleis tiltaket vart gjennomført
- Resultatet av tiltaket
Har du spørsmål? Ta kontakt med Live Visdal, live@folkorg.no ,
tlf: 974 15 515
-
Tidlegare tildelingar:
Aktivitetstilskot 2022
Rekrutteringstilskot 2022
Aktivitetstilskot 2021
Rekrutteringstilskot 2020
Danseaktivitet 2020
SØKNADSSKJEMAET ER NO STENGT.