Med Agnes Buen Garnås sin bortgang 12. november 2024 har ei formidabel røyst i nyare norsk musikksoge stilna. Ho var kvedar, kjeldegranskar, programskapar, scene- og plateartist, kurshaldar og undervisar, og folkemusikkdebattant med reine ord for pengane. Og ho blei heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1990.
Ho fekk også mange andre prisar og utmerkingar, m.a. Spellemannsprisen, Lindemanprisen, Osaprisen, Sagaprisen, Kongens Fortenestmedalje i gull og Norsk kulturråds ærespris. Ho vann Landskappleiken i kveding ei rad gonger på 1960- og 70-talet, og blei den viktigaste enkeltpersonen i det som har vore ei blømingstid for tradisjonell kveding og folkesong sidan den tid.
Tallause er dei kursa og undervisningstimane der ho gjennom åra formidla kunnskap og utøvargrunnlag til fleire generasjonar interesserte og seinare artistar. Og det er dette FolkOrg set særleg stor pris på av livsverket til Agnes; dette at ho inspirerte så mange til å ta steget og gje av si tid og sin innsats på den lange reisa til den store arven og kunstforma som ligg i den vokale folkemusikktradisjonen vår.
Og utanom kvalitetskjensle, stilideal og stoffval var det kanskje éin verdi ho særleg bør bli hugsa for: Respekten for og framheving av kjeldene. Ho var sjølv nøye med å løfte fram kjeldene og læremeistrane sine, og forventa at elevane og studentane tok med seg same verdien i sin eigen praksis. Formidlinga av at me står på akslene av alle desse generasjonane av tidlegare utøvarar er heilt grunnleggande for all folkemusikkutøving og såleis au for kvedinga og folkesongen. Dette var ein grunntone i all formidling Agnes stod for og hadde ei hand med i.
Som stilformidlar og stilskapar blei ho kanskje særleg kjent for sine Agnes-krullar, ein tradisjonell kvedarstil som er ein musikalsk parallell til prillinga i slåttespelet på fele. Dette blei ho høgt elska for, og det er ikkje vanskeleg å høyre att påverkingskrafta hennar i dagens yngre utøvarar.
Agnes sette nok pris på å bli lagt merke til og få utmerkingar for innsatsen sin. Men ho slutta aldri å peike på dei mange store men ukjende utøvarane som hadde levert skattane sine vidare, dette som ho sjølv kjende seg så enormt stor takk skuldig.
I djup takksemd lyser FolkOrg signing over Agnes Buen Garnås sitt minne.
FolkOrg
Kristian Hanto
Nestleiar