Harald Omnes – ein lagsarbeidar! 

Harald Omnes har vore medlem i Nes Nasjonale Danssarring sidan slutten av 1980-talet, og har sidan den gong hatt ulike verv i laget og vore ei sentral drivkraft gjennom mange år. Han er hjelpsom, omgjengelig og inkluderande og har eit stort engasjement for folkemusikken og folkedansen i Sauherad og Telemark. Harald har lagt ned mykje arbeid og mange dugnadstimar for laget, både innan lagsøvingar, rekruttering, arrangement og tilstelningar. Han har òg vore med å organisere turar for laget i inn- og utland.

Harald har vore viktig for rekruttering av nye medlem og barn og unge til Nes Nasjonale Dansarring, og har engasjert seg mykje i arbeidet med barne og ungdomsgruppa i laget. Han har tatt initiativ til fleire kurs innan folkedans, og har også teke initiativ til eit nytt prosjekt for folkedans for barn med minoritetsbakgrunn – eit prosjekt som har stønad frå FolkOrg si Dextra-ordning.

I 2021 vart endelig det gamle forsamlings- og lagshuset Sjodar flutt frå Nordagutu til Evju Bygdetun i Sauherad etter mange år med planlegging og arbeid. Her var Harald ein av fleire pådrivarar.

I tredje episode av AdventFolk får Harald prisen utdelt av styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Harald Omnes får årets Eldsjel-pris for sitt store engasjement og for det uverderlege arbeidet han har lagt ned i Nes Nesjonale Dansarring og for folkemusikk- og folkedansmiljøet i Aust-Telemark i ei årrekkje. 

FolkOrgs eldsjelpris
 

I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre ein av alle desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid i løpet av året. FolkOrg deler difor ut prisen Årets eldsjel, til ros og påskjøning.

 Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått. FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar. 

 Vi har fått inn mange nominasjonar og det er tydelig å sjå at det er mange eldsjeler der ute, og mange som fortener heider for engasjementet sitt.  

Dei nominerte til prisen i 2021 har vore
Frode Rolandsgard

Harald Omnes

Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.

 

Årets eldsjel er Harald Omnes!
Harald Omnes får FolkOrgs Eldsjelpris for 2021! 
Fra venstre Camilla Granlien, Harald Omnes, Hilde Reitan