Rammeavtale med TONO
FolkOrg har fram til 1. januar 2024 hatt ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala har alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg fått dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik. TONO har diverre ikkje vidareført rammeavtala for lokallag (Utøvarlag) i 2024, noko som gjer at lokallag i FolkOrg må forhalde seg meir til TONO enne tidlegare. 

Lokallag i FolkOrg har i mange år  hatt ei rammeavtale med TONO gjennom Norsk musikkråd. Denne avtala har gjort at lokallag har kunne forhalde seg til TONO berre i form av musikkrapporter. Denne avtala har innebefatta spelmannslag, toradergruppe eller eit anna medlemslag som har hatt konsert, dansefest, miljøkveld el.l. der dei sjølv har spelt og det har vore publikum. I desse tilfellene har det vore tilstrekkelig nok å levere repertoarliste i etterkant av arrangementet.

Vi ser at det nok er mange som ikkje har visst at dei skulle ha levert rapport i etterkant av konsertar. Men uansett: alle lokallag som arrangerer tilstellingar der det blir spelt musikk for eit publikum må frå januar forhalde seg til TONO meir enn før.

Nye rutiner for utøvarlag (spel- og dansarlag):
Frå 1. januar  2024 må utøvarlag søke om TONO-tillatelse for kvar konsert der lagets medlemer er utøvarar. Der det tidlegare berre har vore naudsynt å rapportere til TONO etter endt konsert må alle utøvarlag no også søkje om tillatelse FØR konsert.

Fyrst: Det er ingen stor jobb å forhalde seg til TONO. Dersom kvart lag t.d. har ein eller to personar som lærer seg korleis det blir gjort, er det veldig raskt gjort når ein fyrst veit kva som skal gjerast.

Det nye blir fyrst og fremst at laget må søkje TONO om løyve i forkant av konserten. Dette gjerast enkelt inne i TONO sin nettportal. Musikkrapporten – som skal leverast seinast 10 dagar i etterkant av konserten – er som den har vore. Og så er det nå slik at lokallaget får ein faktura direkte frå TONO på vederlaget for konserten.

FolkOrg refunderer TONO-utgiftene
Ettersom TONO-avtala har vore eit gode for våre medlemer ynskjer FolkOrg framleis at lokallag skal sleppe å betale TONO-utgifter. Styret i FolkOrg har derfor bestemt at FolkOrg skal dekkje TONO-utgiftene for sine lokallag. 

Lokallaga må frå 1. januar betale desse utgiftene sjølve, men kan søkje FolkOrg om tilbakebetaling av TONO-utgifter to gonger i året. Vi legg ut opplegg for dette på nettsidene to gonger i året. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga laget har hatt, er at dei har fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.

Denne medlemsfordelen gjeld sjølvsagt berre for konsertar der laget sjølv er både arrangør og utøvarane er medlemmar i laget. Ein kan ikkje søkje kompensasjon for ein konsert som lokallaget har arrangert med eksterne artistar på scena.

Eksemplar:

  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein miljøkveld der ungdomar frå laget spelar litt, det blir dansa litt, og spelmannslaget sjølv spelar litt. Da vil FolkOrg dekke TONO-vederlaget laget får faktura på.
  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein konsert med song- og spelsolistar. Solistane er medlemmar av laget og får honorar for spelinga. Da vil FolkOrg dekke TONO-vederlaget laget får faktura på.
  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein konsert med den «eksterne» gruppa Farleg Fiken Trio. Alle i trioen er ikkje medlemmar av laget. Da må spel- og dansarlaget betale TONO-vederlaget for konserten sjølv.

KVA SKAL LOKALLAGET GJERE?

Eit lokallag som skal ha ei tilstelling der det blir spelt musikk for publikum, må frå 1.januar…

  1. Søke om løyve i forkant.
  2. Levere inn musikkrapport (repertoarliste) i etterkant.
  3. Betale TONO-vederlag når faktura kjem.
  4. Søke FolkOrg om kompensasjon (søknadsrunde to gonger i året).

Tono har laga ei informasjonsside om korleis de i laga skal gjere det. Vi anbefaler at kvart lag får ein TONO-ansvarleg, som lærer seg dette, og utfører arbeidet som må til. Det er som sagt ikkje nokon stor jobb når ein fyrst har lært det.

TONO sine informasjonssider finn du her:  https://www.tono.no/faq-items/veiledning-for-digital-kundeportal-i-mitt-tono/ 

I følgande film går vi gjennom litt informasjon til lokallaga om korleis dei skal forhalde seg til TONO: 

 

Registrering og rapportering:
Alle konsertar og framføringar der medlemer i laget er utøvarar skal søkjast om og rapporterast om gjennom TONO sin kundeportal. 

Reduksjonsfaktor ved bruk av fri musikk: 
Sidan november 2022 har TONO hatt ei ordning med reduksjonsfaktor på konsertar der det blir spelt tradisjonell/fri musikk. 

Denne gjeld KUN dersom ein har søkt om løyve i forkant av konserten. Og arrangør har ansvar for å levere inn musikkrapport sjølv om artist også gjer det. 

Så framt det blir spelt ein eller fleire innslag der det er opphavsrett, t.d. ein tradisjonell slått som har eit arrangement gjort av eit medlem i TONO, så blir det eit minimumsvederlag på konserten: 755,-

Les meir om vederlaga her.
 


NB: Ny digital - “Mitt TONO”
TONO har lansert ein ny digital nettportal som skal nyttast til å søkje om naudsynt TONO-løyve og til å rapportere framførte verk, billettinntekter, antall publikum m.m. TONO vil utarbeide rettleiingar som blir tilgjengelig på tono.no. 

Her finnast ein kort introduksjon i korleis ein nyttar portalen.

 

Sjå filmen nedanfor for å få ei kjapp innføring i kva TONO jobbar med.