Er du ein folkemusikar eller folkedansar med ambisjonar og er under 26? Er du interessert i å utvikle deg som artist? Da bør du søke om å bli med på Introfolk 2024. 

Seks artistar velgast ut til programmet. Dei får mentorering og vegleiing - for å utvikle seg som utøvarar. Under finala på Folkelarm i november vert ein ståande att som Årets unge folkemusiker 2024. Vinnaren får festivalbookingar og turne samt ei skreddersydd mentorpakke det påfølgande året. 

Om du blir Årets unge folkemusikar 2024, da går du i fotspora til til Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018) Sigrid Stubsveen (2020) og Eir Vatn Strøm (2022). 

Søknadsfristen er 5. august 2024

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Vi har fokus på det solistiske og på duo-uttrykket innan folkemusikk og folkedans. Det vil si at både soloutøvarar og duoar kan søke. I tillegg - det nye for året - er at dansarar også er med på programmet. Ein kan søke som solodansar eller som par. Melder ein seg på som dansar(ar) kan ein i tillegg ha med seg ein person som musikar på sida. 

Seks av søkjarane vert valt ut til å delta på ei samling på Voss i slutten av oktober. Desse dagane avsluttast med ein konsert/framsyning der ein jury plukkar ut tre artistar som går vidare til Introfolk-finalen under Folkelarm 14. – 17. november 2024. 

Kriterier som utvelingsjuryen tek utgangspunkt i: 

  • Kandidaten held eit høgt kunstnarleg nivå. 
  • Kandidaten skal ha eit godt potensiale for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. 
  • Søkarane har eit strategisk mål om å satse på å leve som utøvarar innanfor folkemusikk og folkedans. 

Andre kriterier:

  • Du kan melde deg på til og med det året du fyller 26 år. Dette gjelde båe utøvarane i ein påmeldt duo. 
  • Du må kunne delta på fysisk samling på Voss frå 21. til 24 oktober, samt på Folkelarm den 14. oktober. 
  • Det er også krav om å vere med på digital samling i september.

Søknaden skal innehalde:  

  • Omlag 10 minutt med representativ musikk eller dans. Du kan laste opp relevante lydfiler og videoer i søknadskjemaet. 
  • Ein oppdatert og relevant CV 
  • Ein god beskrivelse av ambisjonar for framtida og skildring av det musikalske uttrykket. Du kan og legge ved ein film der du fortel om deg sjølv og strategiar og tankar om vidare yrkesliv. 
  • Ein refleksjon over kva nytte Introfolk kan gje for utviklinga di som musikar/dansar og beskriv kva du ynskjer mentorering til.  
  • Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse til kontaktperson.  
  • Eit pressebilete av søkjaren. Max 200 MB.  

Tidsplan 2024

  • Søknadsfrist 5. august
  • Juryering veke 33/34
  • Publisering av deltakarar i veke 34/35
  • Digital samling i veke 37/38
  • Fysisk samling på Voss i forkant Osafestivalen med Introkonsert torsdag 24. oktober
  • Digital samling i veke 44
  • Introfolkfinale på Folkelarm torsdag 14. november 

Den av dei seks som vert utvalgt til Årets unge folkemusikar 2024 får ei mentorpakke på nyåret, samt festivaljobbar på Folkemusikkveka, Førdefestivalen, Hilmestemnet og Farsund Folk Festival, samt ein turne i september hos ei rekke folkemusikkarrangørar i trøndelag og på austlandet. 

Du meld deg på via søknadskjema under innan søknadsfristen 5. august kl. 24:00.  

Lurar du på noko i høve Introfolk? 

Ta kontakt med prosjektleiar for Folkelarm, Ann Helen Erichsen: annhelen@folkorg.no