Fureprisen 2015

Furestiftinga står bak Furestipenda, og Fureprisen på kroner 50 000. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.

Fureprisen på kroner 50 000 har sidan 2010 vorte delt ut til ein deltakar under 25 år, uansett klasse, innan musikk. Det er krav om eit særs høgt kvalitetsnivå for at Fureprisen skulle kunne verta delt ut. FolkOrg har, etter søknad, fått lov til å dele ut denne prisen til og med 2016, noko vi er svært takksame og glade for!

I år var det fem utøvarar som utmerka seg særskilt, og som dermed vart valgt ut til å delta i finale laurdag kveld. Finalistane i alfabetisk rekkjefølgje:

Kenneth Lien, Gjøvik spelemannslag -munnharpe
Helga Myhr, Ål spel og dansarlag -hardingfele
Ingeborg Ulberg Sommer, Glåmos spelemannslag -fele
Tor Hoslemo, Setesdal spelemannslag -hardingfele
Eirik Schjølberg, Vågå spel og dansarlag -fele

Dommarane var svært godt nøgde med alle utøvarane, og aller best spelte hardingfelespelmannen Tor Hoslemo frå Setesdal spelemannslag. Sundag på meisterkonserten vart det kunngjort at det er han som er den heldige vinnar av Fureprisen 2015. FolkOrg gratulerar og ønskjer lukke til vidare med spelinga!

Les meir om Furestiftinga her

Les meir om Fureprisen her

Tor Hoslemo - vinnar av Fureprisen 2015
Fureprisfinalist Eirik Schjølberg. Foto: Runhild Heggem
Tor Hoslemo - vinnar av Fureprisen 2015
Fureprisfinalist Kenneth Lien. Foto: Toril Meisingset