Elektronisk medlemskort i GNIST
I 2019 tok vi i bruk appen GNIST, levert av StyreWeb, til elektronisk medlemskort. Dei som har verv i sitt lokale lag eller områdelag kan logge inn i appen med sitt passord til StyreWeb. Dei som ikkje har styreverv, eller som ikkje har nytta appen til medlemskap i andre organisasjonar, kan laste ned appen til sin telefon på same måte som ein lastar ned andre appar. Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com

Bruk gjerne GNIST utan appen på telefonen
Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com  

E-postfaktura / elektronisk faktura
Også i år sender vi ut faktura for medlemskontingenten elektronisk, anten til den e-postadressa som er registrert i vårt medlemssystem, StyreWeb, eller rett i nettbanken som elektronisk faktura. Dette gjeld alle som har registrert si e-postadresse i vårt system. Dei som ikkje nyttar e-post vil få tilsendt faktura i posten, som tidlegare.

Medlemskort og medlemsfaktura 2020
Logoen til appen GNIST som du finn der du lastar ned appar til din telefon.