Folkelarm har vore arrangert årleg i Oslo sidan 2005. I 2024 blir Folkelarm arrangert 14.- 17. november. 

Folkelarm består av to delar: ein festival og ein konferanse.
Konferansedelen er ein møteplass for nordisk og internasjonal musikkindustri der ei rekkje foredrag, seminar og debattar blir gjennomførte på dagtid for artistar, arrangørar, bookarar, agentar m.m. Showcasekonsertane finn stad på kvelden og er opne for eit folkemusikkelskande publikum.

Føremålet vårt er å lyfte fram nordiske artistar som er på randa til suksess, anten i heimlandet eller internasjonalt for bransjeaktørar som kan føra til fleire bookingar og spelejobbar.

Folkelarm – er eigd og blir produsert av FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans, i samarbeid med Riksscenen – Den nasjonale scena for folkemusikk, dans og joik.

Folkelarm har sidan starten i 2005 delt ut Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards). Prisen blir delt ut til folkemusikkutgivingar frå det siste året. Kategoriane har variert noko frå år til år, og i 2024 blir delte han ut fem kategoriar.

Tusen takk til alle samarbeidspartnarar, frivillige, medarbeidarar og tilsette som er med å laga Nordens største og viktigaste bransjearrangementet for folkemusikken og folkedansen. 

Folkelarm er eigd og blir administrert av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Les meir på folkelarm.no