LANDSKAPPLEIKEN PÅ GOL 26.-30. JUNI 2024

Nå er endeleg påmeldinga til Landskappleiken oppe og går. Det blir ein storstilt kappleik på Gol, med fullpakka tevlings- og kulturprogram. Mykje å oppleve også for barn og unge. Til og med Kultur- og likestillingsministeren kjem innom for å opne heile festen onsdag 26.juni. For tevlings- og kulturprogram, sjå her: Heim - Landskappleiken

MERK: Påmeldingsavgifta stig 30.april. Siste frist for påmelding er 22. mai.

 

LANDSFESTIVALEN PÅ VESTNES 31. JULI – 4. AUGUST 

Påmeldinga til Landsfestivalen i gammaldansmusikk opnar fredag 24. mai. I år som i fjor blir det ei storstilt feiring av gammaldansen, med dans framom alle scener frå 10 om formiddagen til 2 om natta. For meir informasjon, booking av camping osv, gå inn her: Heim - Landsfestivalen.no

 

STØTTEORDNING FOR LOKALLAGA OG JUNIORAR

Nytt av året er at lokallaga kan søke om støtte til å få dekka deltakaravgifta og få noko reisestøtte til C-klassingar/juniorar. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. FolkOrg har motteke midlane frå Kultur- og likestillingsdepartementet, via Norsk Musikkråd. Dette er ei ekstrafordeling av støtte som kun vil vere i 2024. Sjå meir om denne ordninga her: Ny stønadsordning for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i 2024 - Landskappleiken

 

MEDLEMSKONTIGENT OG FORSIKRING

Snart kjem medlemsfakturaene for 2024. Fakturaene blir sendt direkte til nettbanken eller som vedlegg til epost. Det kan vere eit tips - om du ikkje har sett fakturaen din innan ein månads tid - å leite gjennom søppelposten din. Du finn også fakturaen i Gnist-appen - der du også har medlemsbeviset ditt. Merk at fakturaen må sjølvsagt vere betalt i god tid før eventuell deltaking på LK eller LF. 

På fakturaen er også bunad- og instrumentforsikringa med. Og det kan ikkje seiast for ofte at dette er ei særs god forsikringsavtale. Om du har instrument eller bunad, og ikkje har teikna denne forsikringa, bør du ta ein kikk på ho. Meir info om denne finn du her: Instrument og bunadsforsikring - FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans

 

GNIST-APPEN OG OPPDATERING AV EPOST

Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemane våre. Dette heng ofte saman med at epostadressa ikkje er oppdaterte hjå dei enkelte. Dette kan du som medlem lett gjere sjølv inne i GNIST-appen. Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte styreweb til å sende ut meldingar. 

 

TONO

Det kjem inn mange spørsmål knytt til TONO om dagen. I følgande film har dagleg leiar, Aslak Brimi, prøvd å gjere litt greie for litt om når og korleis lokallaga må forhalde seg til TONO: https://youtu.be/qHOjr_njS7M

TONO sjølve skal ha eit webinar for såkalla «utøvarlag», altså t.d. spel- og dansarlag som arrangerer kosnertar og dansefestar sjølve. Vi anbefaler sterkt at mange møter opp! 

Tidspunkt: 6. mai kl 18. 

Webinaret finn du med følgande lenke når den tid kjem: https://www.youtube.com/live/10UVLpwZrMw?si=_X11t-o0vFa5r0kc

 

FolkleiarUng – OGSÅ PÅ DANS

FolkOrg sitt program for unge vaksne som får opplæring i musikalsk leiing, skal nå utvidast til å gjelde dans også. Så er du ung dansar som ynskjer å få erfaring og auka tradisjonskunnskap samt opplæring og vegleiing i korleis du skal leie og instruere ei dansegruppe eller danselag, så kan du melde deg på. Påmelding til dette kjem ut seinare på våren. 

Meir info om FolkleiarUng her: FolkLeiarUng - FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans

 

FOLKELARM 2024

Årets Folkelarm er 14.-17. november. Som tidlegare år vert Folkelarm arrangert på Riksscenen i Oslo. Målet er å arrangere ein festival som både gjer at bransjen kjem – artistar, arrangørar, festivalar, management m.fl. – men også å få eit stort publikum. Målet er eit spennande og variert program. Juryarbeidet er godt i gang, og årets artistar vert lansert utover våren. Set av helga og kom for å få det beste av det folkemusikk- og folkedansnorge har å by på. 

Nytt av året er at Folkelarm-prisen er på ettermiddagen laurdag. Samt at vi har ein heil dag tileigna barn og unge på søndagen: FolkelarmUng. Her blir det barneforestillingar, danseframsyning, eventyrstund og mykje meir. Denne dagen arragerer vi ilag med Riksscenen, Oslofolk – Laget for folkemusikk, og UFO. Det er også nokre nye priskategoriar på Folkelarmprisen.

Sjå meir om Folkelarm og årets priskategoriar på Folkelarmprisen her: Hva er Folkelarmprisen - Folkelarm

 

SMÅNYTT SIDAN SIST… 

FolkOrg arrangerte dommarseminar 2.-3.mars på Riksscenen i Oslo. Det var rekordpåmelding, det var gode diskusjonar og stort engasjement. Du kan lese meir her: Dommarseminar 2.-3. mars 2024 - FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans

Solfrid Gjeldokk har nå sine siste veker i FolkOrg-administrasjonen. Ho starter som festivalsjef i Folkemusikkveka på Ål. Folkorg ynskjer ho lykke til i ny jobb! Det er Live Visdal som tiltrer som ny rådgjevar her i FolkOrg frå 1. mai. Live er ein dyktig og kunnskapsrik folkedansar, har lang erfaring som instruktør og som aktiv medlem i folkemusikk- og folkedansmiljøet. 

Det kom inn mange gode søknader til store rekrutteringsprosjekt, og årets tildeling av DEXTRA-midlar kan du lese om her: Fordeling av rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica 2024 - FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans

Det kjem ny redaktør i bladet Folkemusikk. Valdrisen Kjellbjørn Karsrud tek til 1. august. Vi får tru han gler seg. Du kan lese meir her: Kjellbjørn Karsrud er den nye redaktøren i bladet Folkemusikk - FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans

Styret i FolkOrg var invitert til Setesdal, og styret plasserte vinterstyremøtet sitt til Rysstad nå i mars. Det vart både fagleg og kulturell påfyll. Setesdal spelmannslag inviterte til fantastisk miljøkveld i Sylvartun der mellom andre Hallvard Bjørgum, Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid bidrog. Styret fekk også ein presentasjon av arbeidet som har vore gjort i Setesdal over mange år knytt til UNESCO-listinga. Annbjørg Lien, Astrid Rysstad og Torunn Charlotte Nyberg la engasjert fram alt det gode arbeidet som har vore gjort - og som skal gjerast framover. Og vi gler oss sjølvsagt alle til Landskappleiken i Setesdal i 2026!

 

Styret i FolkOrg på besøk i Setesdal. Foto: Aslak Brimi
På bildet, frå venstre til høgre: Camilla Granlien, Annbjørg Lien, Thomas Nilssen, Kristian Hanto, Astrid Rysstad, Lene Furuli, Hilde Reitan og Torunn Charlotte Nyberg. Foto: Aslak Brimi

 

Vi minnar også om at det er fint om alle lokallag og områdelag sender inn protokoll frå årsmøta til oss sentralt. Send på epost til post@folkorg.no.

Vi ynskjer alle medlemar, lokallag og arrangørar ein fin vår. 

Helsing oss i FolkOrg