Det er ein erfaren og engasjert mann frå Leira i Valdres - no busett i Lom - som frå august set seg i redaktørstolen for bladet Folkemusikk og nettsida folkemusikk.no. Kjellbjørn Karsrud er kjend som både spelmann og skribent. Nå tek han med seg erfaringa både som felespelar, forfattar og lektor inn som redaktør.

- Dette blir veldig spennande. Her har vi ein som kjenner miljøet godt, som brenn og andar for folkemusikken og folkedansen. Han er ein god og erfaren skribent, og vi meiner at Karsrud passar perfekt som ny redaktør i landets største magasin for folkemusikk og -dans, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi. 

Kjellbjørn Karsrud er i dag lektor ved Nord Gudbrandsdal Vidaregande skule, men faga norsk og historie. Han har årsstudium i folkemusikk frå Høgskulen i Telemark (i dag USN), har allmennlærarutdanning og påfølgande master i norskdidaktikk frå Høgskulen i Sør-Trøndelag, samt historie frå Universitetet i Søraust-Noreg (USN). 

- Karsrud er kunnskapsrik og har stor interesse både for historiefortelljing og formidling. Han har gode tankar om korleis han ynskjer å både foredle og utvikle papirmagasinet og nettstaden folkemusikk.no. Kjellbjørn er ein respektert fagperson som vi trur heile folkemusikk- og dansefeltet vil ta godt i mot, seier Aslak Brimi.

Karsrud tek til i stillinga frå august 2024. 
 

FAKTA: 

  • Folkemusikk er eit magasin for folkemusikk og folkedans i Noreg. Folkemusikk.no er Folkemusikk sitt nettmagasin. 
  • Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Magasinet og nettmagasinet har felles, uavhengig redaktør.
  • Folkemusikk arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk.

 

Tilbake til gammalt påmeldingsnivå på Landskappleiken

Kjellbjørn Karsrud, ny redaktør for magasinet Folkemusikk frå 1. august 2024. 
Foto: Thor Hauknes