FolkOrg lyser ut konkurranse for å få teikna og formgjeve ein ny Folkelarm-statuett. Utformar av vinnarbidraget får 10 000 kr i eingongshonorar. 

- Vi ynskjer ein statuett som skal vere stas å motta. Den skal vere fin å sjå på, den skal ha referanse til folkemusikk og folkedans, og vere ein statuett som er Folkelarmprisvinnarar verdig, seier leiar for Folkelarm, Ann Helen Erichsen. 

Folkelarm er et musikkbransjetreff for folkemusikk og -dans. Arrangementet vert avvikla årleg og eigast av FolkOrg, og vart arrangert fyrste gong i 2005. Arrangementet rettar seg spesielt mot utøvere av folkemusikk og folkedans, og mot relevante bransjeaktører. På Folkelarm vert Folkelarm-prisen delt ut. Dette er prisar som vert gjeve ut til fonogram, arrangørar, artistar og andre aktørar som har særskild utmerkd seg på folkemusikkfeltet gjennom året.  

Vilkår for påmelding av bidrag:  

  • Ein jury utnemnd av styret i FolkOrg vel ut vinnarbidraget, og formgjevar av vinnarbidraget får 10 000 kr i eingongshonorar.  
  • Bidraget skal sendast inn som teikning/teikningar eller som ein grafisk visualisering av korleis statuetten skal sjå ut. Det må gjerast greie for kva materialar han skal bestå av, og omtrent kor tung han blir. Det bør også følge med ei kort skriftleg skildring som fortel litt om tankar bak formgjevinga. 
  • Statuetten skal vere godt mogleg å halde og lyfte, og bør vere Innanfor måla 20x20x50 cm.
  • Alle innmelde bidrag må ha eit forslag til avtale med pristilbud på produksjon av statuetten. Det er i utgangspunktet bruk for 10 statuetter kvart år, og produksjonspris per statuett er eit viktig kriterium for juryeringa. 
  • Folkelarm får rettigheita til å bruke statuetten i minimum 10 år framover. Om det er slik at den utførande kunstnaren eitt år ikkje har moglegheit til å produsere statuettar til det årets Folkelarm, så har Folkelarm rett til å få ein annan produsent til å kopiere og produsere statuetten det året.  
  • Folkelarm får rettigheit til å bruke statuetten som utgangspunkt for ein grafisk profil, t.d. å lage ein grafisk todimensjonal versjon av statuetten til bruk på nettsider, diplomar osv.  
  • FolkOrg/Folkelarm forbeheld seg retten til å ikkje utkåre nokon vinnar dersom juryen ikkje finn eit passande bidrag blant dei påmeldte. 

 


Frist for å sende inn bidrag er: 1. juni 2024

Send bidrag til: annhelen@folkorg.no 
 

Kontakperson
Ann Helen Erichsen 
Prosjektleiar Folkelarm
Tlf: + 47 957 73 200
E-post: annhelen@folkorg.no 

 

Foto av: Silje Onstad Hålien - Årets folkemusiker 2015
Fotograf: Runhild Heggem