FolkOrg eig tre store arrangement som alle vert gjennomført ein gong per år. Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert arrangert på omgang av ulike lokallag i organisasjonen. Folkelarm vert arrangert av admninistrasjonen i FolkOrg. 

 

Landskappleiken

Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg (arrangert første gang i Bergen i 1896). Årleg samlast omlag 1400 aktive spelemenn, folkesongarar og –dansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans.

Landskappleiken skal bidra til å ta vare på og styrke dei eldste vokal-, spel-, og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt.  Under Landskappleiken syng/spelar ein – eller dansar til – bygdedansmusikk eller dei eldste slåtteformene frå eit tradisjonsområde i Noreg. Det vert framført folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.

Arrangementet går over fem dagar i slutten av juni, og 3000 tilreisande kjem kvart år til kappleiken. Landskappleiken er ambulerande og flyttar kvart år til ein nytt arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans som eig arrangeentet, men har kvart år ein lokal arrangør som ofte er eit av dei lokale spelemannslaga i organisasjonen.

www.landskappleiken.no
 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart arrangert fyrste gong i 1986. Landsfestivalen samlar gammaldansinteresserte frå heile landet til tevlingar i dans og spel, og  er ein konkurranse i gammaldansformer som f. eks vals, hamborgar, polka, pols og masurka. Festivalen skal bidra til å ta vare på og styrke gammaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt, og deltakarane blir oppfordratil å spele dansbar musikk.

Om lag 500 aktive spelemenn og dansar i alle aldrar samlast på festivalen for å konkurrere i gammaldans. Arrangementet går over fem dagar i midten av juli, og mange lokale og tilreisande danseglade finn vegen til Landsfestivalen. Minst like viktig som konkurransen er det sosiale, buskspelet, dansen, og ulike kurs og konsertar.

www.landsfestivalen.no


Folkelarm

Folkelarm er Nordens største bransjetreff for folkemusikk og verdensmusikk. Med ca 40 showcaser, et bredt sammensatt seminarprogram og vert det lagt til rette for tre dager spekket med musikalske opplevelser og faglig input av høy kvalitet.

www.folkelarm.no