–Trygve Liahagen vant i sommar Landskappleiken klasse B for andre år på rad, og tok dermed steget opp i A-klassa blant landets felespelarar. Han er ein allsidig musikar som spelar både fele og hardingfele, og blir stadig oftare nytta som felespelar i ulike samanhenger – alt i frå folkrock til gammaldans. Denne hausten starta han sitt fjerde og siste år på Bachelorstudiet i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, kor han i tillegg til felespelinga også fordjuper seg i komposisjon. Trygve Liahagen er ein veldig verdig vinnar av Øyvind Berghs minnepris, seier Gjermund Larsen som representerer FolkOrg i juryen.

– Det er ei stor ære å bli tildelt ein slik pris! Det kjennast fantastisk å stå på rekke saman med så mange dyktige musikarar og forbilete som har fått den før meg. Ein gigantisk takk til alle som har hjulpe meg på vegen!, seier prisvinnar Trygve Liahagen.

Prisen skulle opprinneleg bli delt ut under Høgfjellskonserten ved Rondane i august, men konserten vart avlyst grunna ekstremværet «Hans».

 
 
Trygve Liahagen er årets vinnar av Øyvind Berghs minnepris
Vinnar av årets Øyvind Berghs minnepris, Trygve Liahagen
Foto: Torfinn Lysne
 

Om Øivind Berghs minnepris
Øivind Berghs minnepris går til unge lovande fiolinistar. Minneprisen er på kr 25 000,- og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt AS, etterkommane etter Øivind Bergh og SpareBank 1 Gudbrandsdal. Prisen er delt ut årleg under kulturfestivalen Peer Gynt, tidligare Peer Gynt-stemnet, sidan 1989. Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han ble fascinert av lokale spelmenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta.

Årets jury er samansatt av Trude Bergh (fra familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS).


Vinnarar av Øivind Berghs minnepris:
1989: Annbjørg Lien
1990: Elise Båtnes
1991: Arve Moen Bergset
1992: Mari Eggen
1993: Egil Syversbråten
1994: Per Sæmund Bjørkum
1995: Åshild Breie Nyhus
1996: Christian Borlaug
1997: Åse Teigland
1998: Per Anders Buen Garnås
1999: Øystein O Rudi
2000: Andreas Skeie Ljones
2001: Ola Kvernberg
2002: Øyvind Flaarønning Smidt
2003: Jorun Marie Rypdal Kvernberg
2004: Gjermund Larsen
2005: Jan Beitohaugen Granli
2006: Ragnhild Hemsing
2007 Eldbjørg Hemsing
2008: Ragnhild Furebotten
2009: ikke delt ut
2010: Alexander Aga Røynstrand
2011: Bjørn Kåre Odde
2012: Guro Kleven Hagen
2013: Eivind Holtsmark Ringstad
2014: Erlend Apneseth
2015: Hans P. Kjorstad
2016: Sonoko Miriam Shimano Welde
2017: Sivert Andreas Holmen
2018: Oda Holt Günther
2019: Helga Myhr og Rasmus Kjorstad
2020: Ludvig Norum Gudim
2021: Selma French Bolstad
2022: Alma Serafin Kraggerud
2023: Trygve Liahagen